tirsdag, november 10, 2015

Dagbok 2015: 10.september

Klokka er snart 15, men det er vanskeleg å forstå at det ikkje er kveld enno. Arbeidsdagane i pensjoheimen er veldig korte no. Temperaturen ute  er + 8 grader C og det regnar.
Store oppslag i Møre-Nytt i dag, nesten heile framsida og nesten ei heil side inne i avisa. Som eg skreiv på FB: Båten er snart like berømt som Titanic. Ja, saka er oppklart og alle har fått visst det, så no blir det kanskje ro ei stund. Det har vore mange telefonar både inn og ut. No held Nils på å ha båten inn i garasjen, men den skal på sjøen snarast mulig, for den står på vogna til Folkehøgskulen, og dei skal vel ta inn rette båten?
Nils for nedover for å handle litt før middag og vart vekke i timesvis. Eg laga ei kake, vaska opp og sette på vaskemaskina, strauk litt etc. Har ikkje gjort så mykje at det gjer noko i dag. Til middag åt vi spekemat, poteter og potetsalat.
Så kjem det enda eit irritasjonsmoment: Eit brev med varsel om inkasso på eigedomsavgifta. Nils har avtalegiro med banken når det gjeld alle kommunale avgifter, så han rekna sjølvsagt med at det var betalt. Ein telefon til rådhuset var heilt bortkasta, der var det ingen som visste noko. Vi har kvitteringane frå i fjor, så då har no avtalegiroen fungert. Dessutan var beløpet vi vart kravde for, minst 1000 kr for høgt. Så no har Nils arbeid i morgon også.
Eg får ikkje gjort så mykje, men er no relativt bra så lenge eg ikkje sit for mykje. Var nettopp ned i kjellaren og skulle ha kleda frå vaskemaskina over i trommelen, men så hadde eg ikkje sett PÅ vaskemaskina. Men det kan eg berre skulde meg sjølv for. No skal eg finne noko litt nyttig å ta meg til.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...