mandag, november 09, 2015

Dagbok 2015: 9.november

Gullet é heme !
Klokka er nærmar seg halv sju, og då er denne dagen også snart gått over i historia. Ute er det regn og mørkt, snø i fjella i dag tidleg, så vi har det ikkje så fint lenger. Men det er no bra det ikkje er så kaldt, + 7 grader er det akkurat no.
Nils måtte stille opp klokka 10.00 i dag for fotografering og intervju av Møre-Nytt. Og så fekk han heim att båten, til og med nyvaska. Så spørs det om det blir vêr til å få den på sjøen att. Eg var rimeleg låk i ryggen i dag, men fekk no gjort det vanlege husarbeidet.
Vi åt tidleg middag, i dag var det salta lange, og slappa av litt etterpå.
Så steikte eg ein haug med pannekaker som vi serverte til kaffien då Margrete kom innom ei lita stund mens Amanda var på balletten. Resten fekk ho med seg heim til dei heimeverande barna.
No har eg rydda opp og bretta ein klesvask. Det blir ikkje dei heilt store arbeidsoppgåvene ein får unna kvar dag. Men ein får vel finne seg i at ein taper seg med åra.
Det blir ei travel tid fram mot jul, ikkje med baking og vasking etc. men konsertar og andre tilstellingar på løpande band. Ja, så gløymer ein at det er det mørkaste og trasigaste tida på året.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...