onsdag, november 11, 2015

Dagbok 2015: 11.november

Klokka er 16.40, temperaturen + 6 grader. Det er bekmørkt og regn ute. Har opplevd ganske mange haustar, men dette mørkret kjem alltid like uventa på meg. I dag stod vi opp før det var lyst også.
Når ein står opp tidleg kan ein få meir utav dagen, men det er ikkje sikkert ein får gjort noko meir likevel. No er ikkje akkurat det så farleg for oss.
Nils reiste til Vik rett etter frokost i dag og fekk ordna opp i finansane, først på rådhuset, så i banken. Grunnen til rotet var at dei hadde bytta eit KID-nummer....no er alt i orden. Eg masar om at han må få seg nettbankkonto, men han høyrer ikkje på meg.
Eg rydda litt i huset før han kom opp att, og då for vi begge ned på Amfi. Klokka var 10.00 og mange av butikkane heldt på og opne. Trur aldri vi har vore der så tidleg før.Det var no mat vi var ute etter, men tok ei runde i 2.etasje også.Utan å kjøpe noko.
Eg fekk ikkje tak i ekte vaniljesukker, så eg stakk opp på Gåvebuda for å sjå om Ingrid hadde, ho hadde då ho dreiv glasmagasin på Amfi, men ikkje no. Ho hadde hamstra til seg sjølv, på Sandane. Så no, Solveig, må eg fri til deg: Finst der på Hareidlandet?
Elles så kom eg på å spørje etter knevarmarar til meg sjølv, og det hadde ho. Eg kjøpte eit par, men brukar berre ein om gongen. Eg kjenner at dei hjelper. Eg har eit par etter mamma, men dei er ikkje så gode. Det er ekte giktvêr, men eg er rimeleg bra-i alle fall så lenge eg held meg i ro.
Det har ikkje vore vêr å ha ut att båten men det blir kanskje i morgon. Dei må kanskje ha med seg "tjuven" så han får ta rette båten inn att. Matias vil vere med å sette ut att båten vår.
I mangel på fersk fisk har vi ete salta lange idag. Til ein avveksling laga eg risengrynsmelkesuppe med rosiner til dessert.
No har eg tatt ein diger panne-oppvask, der var ikkje plass i maskina, og så vaska eg "rundt" på kjøkkenet etterpå. No skal eg prøve å få lese ut boka mi. Har berre ei plate att.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...