torsdag, oktober 01, 2015

Dagbok 2015: 1.oktober

Var innom biblio i dag, og fekk med meg eit par lydbøker som eg skal rippe. Så får vi sjå om eg les dei også.

Klokka er 19.45, temperaturen er + 13 grader, og akkurat no er det nokså fint ute, lettskya og litt vind. Men det mørknar tidleg. Vi er nyss heimkomne frå pensjonistmøte, og Nils for nedover for å sjå andre omgangen av ein fotballkamp.
Dagen i dag har stort sett dreia seg om pensjonistmøtet på Eldredagen.
Før klokka 12.00 var vi på plass på Kulturhuset for å dekke bord og lage til.
Då vi kom heim åt vi litt og slappa av ei stund etterpå. Eg sov dårleg sist natt så eg trong ein pause.
Møtet tok til klokka 16.00. Vi hadde besøk av ein pensjonert lærar frå Dale i Sunnfjord som fortalde om Jakob Sande, spela trekkspel og song. Vi hadde også allsong, og eg hadde lagt ganske mykje arbeid i eit fint songhefte. Og så blir eg gjort merksam på at eg har skrive feil på framsida.  Der hadde eg kopiert eit fint bilde av diktaren og skrive med store bokstavar og tal: Jakob Sande 1006-1967.
Ja, det er ikkje første gong eg trykker feil, og treffer 0 i staden for 9-talet. (Eg har til og med prestert å skrive at eg er fødd i 1040) Dette ergra meg, men ikkje dei andre.
Møtet vart vellykka og damene i Lions hadde laga nydelige snittar og eit hav av fantastiske kaker.
Eit skår i gleda for meg, var at Møre-Nytt ikkje dukka opp, så då må eg skrive sjølv. Synest jammen lokalavisa kunne støtte litt opp om dei eldre-dei er no til stades overalt elles.
No er eg litt sliten, så eg skal slappe av litt med boka mi, så får eg skrive referat i morgon.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 27.april

 Klokka er no 23.30, temperaturen ute er + 4 grader C. Det har vore ein fin dag med sol og varme, så det gjer ikkje noko om det blir litt ka...