Klokka har passert 18.30, og vi er nettopp ferdige med middagen, som i dag bestod av steikt sei. Om ei lita stund blir det kaffi.
Ute er det overskya og regn - eg er ikkje frista til å gå ut. Det blir vel å benke seg framfor TV- en resten av kvelden.
I dag før middag sette eg meg til for å skrive referat, men hadde ikkje skrive mange linjene før telefonen ringde. Nils har bestilt sørvis på bilen neste måndag, men så måtte dei scanne lakken, fordi dei skal reparere in liten skade.
Dermed heiv eg meg rundt og vart med, så fekk vi handle med det samme. Nils skulle kjøpe poteter på torget, og eg skulle handle på rabattlappane på Coop + litt til.
Vi var relativt snare å komme oss heim att, og eg heldt fram med å skrive. Synest av referata mine blir veldig kjedelege etter kvart, har liksom hamna i eit spor. Då eg var ferdig med "kladden" åt vi lunsj, og etterpå var det pause.
Så vart det litt multitasking før eg laga middag; mens eg strikka og høyrde lydbok, rippa eg to bøker inn på datamaskina. Det gjekk bra.
Neste veke er det haustferie her i distriktet, og då skal nokre i familien på tur. Vi blir nok heime den veka også. Ønsker alle god helg og god ferie, og god tur til dei som skal ut og reise.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.september
Klokka er no 19.27, temperaturen ute er+10 grader, det er nokså overskya, men opplett. I dag har eg gått her og tutla åleine og ikkje gjort...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar