tirsdag, september 01, 2015

Dagbok 2015: 1.september

Vesthimmelen klokka 21.00

Klokka er no ca 19.30, temperaturen er + 16 grader og det er fint , lettskya vêr. Det var skodde langt nedetter fjellsidene då eg stod opp, men det vart betre etter kvart.
Nils var vekk før eg stod opp, men det var eg budd på, i dag skulle han fiske med Matias. Det fekk nok av både sei og makrell.
Eg rydda litt i huset og så fekk eg støvsuga alle teppegolva før Nils kom heim.
Eg kan ikkje vere så aktiv som eg har lyst å vere, men i dag fekk eg/ vi plukka resten av ripsen, så det var då noko.
Etter lunsj la vi oss ut i sola på altanen. Eg hadde lydbok på øyret, men somna frå heile greia. Eg somnar lett når eg les lydbøker. I dag fekk eg melding frå Biblioteket om tre nye lydbøker, så no blir det enda meir ripping. Har mange bøker liggande på maskina no. Godt å ha ein reserve.(I går rippa eg to-tre bøker, og så strikkar eg imens, så det er ikkje heilt unyttig.)
I dag har eg ladda opp til morgondagen. Då skal vi dekke bord på Kulturhuset klokka 12. Møtet tek til klokka 16.00, men sidan Nils skal selje billettar, må vi møte opp i god tid.
Det er så ymse som skal gjerast, men så er det berre ein gong i månaden. Oppgåva mi er først og fremst å skrive referat, så eg kan ikkje sove i timen.
No skal Nils på styremøte i SV, så eg får finne fram lydboka igjen.
I morgon blir det sikkert ein finevêrsdag. Det er det nesten alltid når vi har pensjonistmøte.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28. april

Klokka er no 22.10, teperaturen ute er + 10 graderC  og vi har hatt fin ver i dag. Den siste snøen som kom i fjella smelta sikkert i dag. Eg...