lørdag, august 15, 2015

Dagbok 2015: 15.august


Klokka er no ca 20.15, temperaturen er 20,5 grader C. Vi har hatt ein fin og passeleg varm dag. Delvis skya og med temperatur rundt +25 grader C.
Eg har ikkje støvsuga til helga, noko som skjer svært sjeldan, men her må dei fine dagane nytast maksimalt.
Vi var ein tur nedover før middag, Nils hadde ærend på apoteket og så handla vi mat på Coop.
I dag venta vi Eirik på besøk så eg fekk ei unnskyldning for å lage sveler.
Eg skulle smake på ei av prøvesvelene, og den smakte ingen ting. Då kom eg på at eg hadde gløymt å ha sukker i.
Men Nils fann ut at då kunne han ha dei til pølsebrød, sikkert inspirert av Østfoldfavoritten "pølse i vaffel". Han påstod at det var godt, men det frista ikkje meg. Resten av svelene vart MED sukker, men eg har ikkje fått heilt dreisen på svelene mine enno, så eg lyt nok forske litt meir.
Eirik hadde vore på jobb i dag, så han kom ikkje før seint på ettermiddagen. Då fann eg ein pakke med karbonader som vi hadde på skiva, sidan ingen av oss hadde ete middag.
Etter at Eirik hadde fare gjekk eg ut for å ta bilde. Då kom Jørn med varmrøkt makrell til oss. Han har vakse opp i Aust- Tyskland så han er van med å dele godene. Vi har smakt på makrellen, men det meste må nok ligge over til i morgon sidan vi ikkje var svoltne. Men god var den.
Eg er utan lesestoff for tida, dvs. her er nok papirbøker eg kunne hive meg på, det er lydbøker eg manglar. Komande mandag er det styremøte i pensjonistlaget. Møta held vi på biblioteket, så då får eg raske med meg noko heim.


Leonardo da Vinci


Lavendel kjøpt i fjor.
Når eg ser alle dei fine hagane og blomstrane på FB så ser eg at det vi har ikkje er mykje å skryte av. Men i år set eg pris på kvart minste strå. Apropos strå så har Nils klipt plenane i dag også. Dei er framleis grøne og tette. Så dette kan han!

Ingen kommentarer: