fredag, august 14, 2015

Dagbok 2015: 14.august

Klokka er 20.00, temperaturen er + 19 grader C og vi har hatt ein nydelig dag. Ikkje fullt så klårt som i går, men sol det meste av dagen, utan at det har vore den store heten-men veldig "behagelig".
Slike dagar må vi prøve å nyte så godt vi kan, vi som har høve til det. Etter at eg hadde vaska golva gjekk eg ut i hagen og styrte litt fram til lunsjtid. Nils stod i garasjen og la saman brosjyrer til valet. Kvart parti gjer klart det dei skal ha med, og så blir alt lagt i ein konvolutt som vert sendt ut til alle stemmeføre. No har han gjort unna sine 3500 og så får andre ta resten.
Det blir vel mange stands i gata i morgon, men veit ikkje om eg er så interessert.
Elles har eg vaska, hengt ut og tatt inn ein klesvask.
Til middag hadde vi ein pizza som låg att i frysaren, før i veka har vi hatt fem fiskemiddagar-så då var det godt med noko anna.
Men store delar av dagen har eg slanga meg på solseng. Må rett nok ligge nokså påkledd men eg får i alle fall vere ute i sola. Endeleg!
No vil eg ønske alle ei fin helg, siste frihelga på lenge for mange, for no tek skuleåret til for fullt, også for elevane. Då er det særs godt å vere pensjonist og ha ferien til gode.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:¤.juni

Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein.  Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...