mandag, juli 13, 2015

Dagbok 2015:

                                             Svartsurbær ?

Klokka er snart 23.30, og eg kom brått på at eg ikkje har skrive på bloggen. Ute er det skodde, regn og + 12 grader C.
I dag har det vore ein litt sløv dag. Nils var nedover og klipte seg før middag, eg farga håret sjølv her heime. Margrete ringde når det leid på, då var dei på Festøyferja. Dei ville komme oppom på heimvegen, og dei hadde tid til vaflar, så eg sette i gang med røra.
Vi drakk kaffi og åt vaflane då dei kom.
Rett etter at dei hadde fare og eg heldt på å rydde av bordet, kom Harald innom eit ærend. Då fekk han også smake vaflane. Så dagen vart i grunnen koseleg trass i vêret, med mykje prat og mat.
Litt seinare var Nils og eg nedom nærbutikken og handla mat.
Middagen i dag var veldig lettvint, steikte poteter frå i går og grillpølser.
Nils tok ein tur på terminalen for å fiske, eg las i papirboka mi.
No har vi sett TV og eg har strikka. Så går denne dagen over i historia.
Rasmus og fam. er på veg over havet frå Danmark og om alt går som det skal er dei heime utpå natta.
Som dei fleste eldre vil eg helst at alle er trygt heime i husa sine, men det kan ein ikkje forvente at dei skal vere heile tida.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 12.mars

                                            Ikkje meir snø og is no. Klokka er no16.20, temperaturen ute er +9 grader C, det er overskya og ...