Klokka er 20.40, temperaturen er + 20 grader C og det er fin sol ute. Frå morgonen av var det skodde og grått, men det vart finare utover dagen.
Vi hadde ingen planar i dag, derfor sette eg ein brøddeig, det plar eg ofte gjere når eg har planar om å vere i ro. Nils hadde noko sei så vi fann ut at eg kunne lage nokre fiskekaker, det var ei stund sidan sist. I dag brukte eg fooprosessoren og laga to rører. Det vart tre middagar, rikelig til to. I dag hadde eg løk i fiskekakene, det plar eg ikkje ha, men dei vart no gode. Likevel kjem eg til å lage utan i framtida, og ha løk ved sidan av. Det likar vi betre.
Elles har eg lese ein god del i dag, så no har eg lese ferdeig andre boka i trilogien om Kråkejenta. Den første boka las eg som lydbok, men akkurat desse bøkene høver betre på papir, sidan dei "hoppar" i tid og stad. No på slutten sat eg på altanen og las.
Elles har eg vore nede i hagen og rydda kring "humletreet".
Nils har funne seg ein fotballkamp, den får han nyte åleine. Eg skal tømme oppvaskmaskina.
Har ikkje høyrt noko frå "barna" i dag, men det er enno tidleg kveld.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:16.september
Klokka er no18.00, bildet er tatt for ei lita stund sidan.Då braut sola seg i gjennom skodde og skyer som vi har hatt rikeleg av i dag. Eg ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar