lørdag, juli 11, 2015
Dagbok 2015: 11.juli
Klokka nærmar seg 21.30 og "Sommeråpent" frå Ulsteinvik, men det er +14 grader ute, så eg trur vi har det best inne ved TV-en.Det har vore overskya, men opplett i dag.
Nils var tidleg oppe og for på sjøen, fekk nokre seiar og var heime rett etter at eg hadde stått opp. Eg følte meg ikkje så sprek i dag, så vi har halde oss heime. Nils har slått resten av plenen i dag og eg har klipt kantar. Men mest har vi stått opp i gata og prata med folk. Det er ikkje så ofte det er ute verande, så ein lyt nytte høvet.
Til middag i dag vart det kokt småsei, lenge sidan sist vi hadde det.
Det har stort sett vore ein lat og avslappande dag, men eg trur det har gjort godt.
Skulle i grunnen ha vore på Eid i dag, men når ein ikkje orkar å trakke i gatene, kan ein like godt fare ein annan dag.
Eg har lese at gitarmusikk av Stig Ulv skal danne bakgrunnen i Sommeråpent i dag. Eg hadde Stig som elev i mange år, men det var i andre fag, ikkje musikk. Eigentleg heiter han Ulvestad, sånn privat.
Rasmus er komen til Danmark, er no i Billund/Legoland.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 17.september 2026
Denne blomsten har eg kjøpt sjølv for å ha i den fine skåla som eg fekk på bursdagen min- Det blir nok enda finare når blomstrane sprett me...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar