Klokka er 18.30, temperaturen er + 15,5 grader C, det er skya, men litt sol innimellom. Ser ut til at vi kan få litt lettare vêr frametter.
Det har ikkje hendt så mykje i dag. Før middag støvsuga eg, og gjorde diverse anna husarbeid før vi tok ein tur på Amfi for å handle. Nils hadde eit anna ærend først, så eg tok turen gjennom gågata for å sjå på kunsten som var utstilt i butikkvindua, der det ikkje lenger er butikkar. Det var inga stor oppleving.
På Amfi var eg først på apoteket, der dei no er ferdig med ombygginga. LITT betre plass vart der. Trefte mi gode veninne på 90 år, ho hadde sett seg ned for å kvile og eg sette meg i lag med henne. Det kom fleire pensjonistar og joina oss, så det vart reine "pensjonistmøtet". Hugselista låg att på kjøkkenbenken heime som så ofte før, men vi fekk no med oss det meste av det vi trong.
Då vi kom heim laga eg ein asiatisk rett til middag, med god hjelp av "Uncle Ben"- på glas. Men godt vart det.
Nils har drive og slått nokre plenar-vi har liksom delt plenen i fleire plen-soner - så no er han visst i mål. I morgon er det meldt fint vêr og lite vind-og Nils har ikkje vore på sjøen på over ei veke ! Elles er eg litt spent på å få høyre frå barn og barnebarn, eg er ikkje heilt oppdatert på kvar alle er enno.
Så vil eg ønske alle ei fin helg anten de er heime eller på ferie.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026; 18.september
Eg var ut på trappa og tok dette bildet. "Regnfulle dager fremover" stod der på PC-en min. Og eg tviler ikkje . Vi må ta det vi få...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar