torsdag, juli 09, 2015
Dagbok 2015: 9.juli
Klokka er 20.00, temperaturen + 11 grader C. Det gar vore kraftige regnbyger med opplett innimellom i dag.
Eg blei heilt elendig i ryggen etter turen i går. Hadde problem med å sove sist natt og vakna med vond rygg. Men det gjeld å utnytte situasjonen. Eg blir alltid låk i ryggen når eg vaskar golv, så sidan eg ikkje hadde noko å tape, tok eg fredagsvasken i dag. Bytte på sengane gjorde eg også, så no heng dynetrekka ute til ei ekstra skylling etter at dei har vore i vaskemaskina. Støvsuginga utsette eg til i morgon, skal ikkje overdrive heller.
Ringde til ei veninne og prata lenge med henne, mens Nils klipte plen. Han har fått den elektriske klipparen til å virke igjen, så vi slepp viss å kjøpe ny.
Det vart kokt lange til middag i dag igjen, men det gjer ingen ting, for vi likar det.
I dag måtte vi kvile middag også.
Seinare for Nils bort på terminalen for å fiske, men fekk ingen ting. Eg nytta høvet til å lese nokre sider i andre boka om Kråkejenta, den første las eg som lydbok, men nr.2 og 3 må eg lese på papir.
I morgon reiser Margrete og ungane på hundeutstilling. Rasmus er komen til Østerrike, og er altså på veg heim. Snart er vel alle hareidsdølene samla heime på Hareid også. Den einaste avtalen vi har for sommaren er Vamp-konserten på Øye den 28.juli med pensjonistlaget. Elles er vi fri.
Eg var så bra no når det var litt varmt og ikkje minst TØRT, det er væte eg reagerer mest på. Det er forklaringa på at eg ikkje er så veldig aktiv..........
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar