tirsdag, juli 14, 2015

Dagbok 2015: 14.juli

Klokka er snart 18.00 og eg har enno ikkje funne på noko fornuftig i dag. Jau, eg har shina opp kjøkkenet. Dette grå vêret tek heile piffen av meg, men no høyrer eg grasklipparen, så då kan eg ta jobben med kantklipping etter kvart. Det er opplett til tross for skyer og skodde, men temperaturen er berre +15 grader C.

I dag er det litt av ein merkedag her i familien. I tillegg til at det er den franske nasjonaldagen.

14.juli -1904 vart mor mi, Amanda Margrete, fødd i Innvik i Nordfjord. Ho hadde då ein to år eldre bror, Matias Marius. To år seinare fekk ho ei søster som fekk namnet Møyfrid Ingrid. Foreldra heitte Marie Eline og Isak Andreas. Mamma døydde 4.august 1991.
Alltid når eg tenkjer på fødselsdagane til mamma, tenkjer eg på jordbær, for det var jo midt i jordbærsesongen og vi kunne fråtse i bær. Av alle fødselsdagane hugsar eg best 70-årsdagen som vart feira i Singerheimen i Olden.
Mamma fekk alle dei seks barnebarna sine i løpet av 6 år, frå 1963-1969.
Det første oldebarnet vart fødd i 1987, hadde ho levd no hadde ho hatt 22. Det må vere bra sidan ho sjølv fekk berre to barn.
Hareid 1987.


14.juli 1968 vart Margrete døypt i kyrkja på Eid. Ho vart fødd der den 20.juni samme året, og vi syntest det var greitt å få unna barnedåpen før vi flytta heim til Ørsta. Det var Anne Marie, systra til Nils, som var gudmor. Mamma bar Solveig til dåpen, ho var det første barnebarnet.
                                              Eid 1968

14.juli 2000 gifta Wenche og Rasmus seg på øya Mauritius. Ingen av familien var til stades. Det var slik dei ville ha det.Og for oss var det heilt greitt. Vi gratulerer dei i dag med 15-års bryllaupsdag! Dei kom att til Kongsbeg sist natt etter å ha vore på ferietur til Danmark, Tyskland, Italia og Kroatia i lag med dei tre gutane sine: Eivind(13), Vebjørn (9) og Ingar (5).

Mauritius 2000.







Eg har vore ein tur ut i hagen og tatt bilde av det som blomstrar no. Skal lære meg å ta nærbilde av blomster og då må eg øve.

6 kommentarer:

arieldog sa...

Fine bilete og gode omtalar. Det biletet av mormor og Einar er så fint!

Elin sa...

Litt av ein merkedag. Eg minnest Amanda med stor glede!

Hildegard sa...

Kjekt innlegg, mange gode minner. Eg har vore på gravplassen i dag og stelt litt på gravene. Nyslege i dag, så der var fint.

Besta sa...

Ja, 14.juli er ein dag med MANGE gode minne. Eg tenkjer spesielt på mamma denne dagen.Skulle sjølvsagt ha vore på grava, men kjekt at du var der, Bodil.

Anonym sa...

ja, dette var jo ein god bukett. Du må gjerne kome med fleire.

Anonym sa...

den anonyme var Torbjørn urke, eg får ikkje til å skrive med nokon annan identitet

Dagbok 2024: 26.desember: 2.juledag

 Klokka er no 19.30, temperaturen ute er +4 grader C. Det er overskya, og eg trur det har regna litt innimellom. kvit jul er det i alle fall...