onsdag, juli 22, 2015

Dagbok 2015: 22.juli


Vi minnast 22.juli for 4 år sidan.


Klokka er 19.45, temoeraturen ute er + 15 grader C. Det er overskya, men opplett. Tidlegare i dag regna det litt. 
Men eg har vore inne heile dagen. Forma var heller laber etter to dagar med "hardt fysisk arbeid"-alt er relativt. Så i dag vart det lettare huslege syslar. Vi hadde planlagt i går at eg skulle lage fiskegrateng av noko av fisken Nils fekk i går. Mykje av føremiddagen gjekk med til å lage to store porsjonar grateng, men eg har bra tak på det no. Før nekta eg å lage grateng for eg syntest det var så mykje rot med det, men no har eg funne MIN måte, og då går det lett unna. 
Elles la eg i hop klede og strauk det som skulle strykast. Etter lunsj måtte eg kvile ryggen, men eg lurte meg til å strikke innimellom.
Eg fekk melding frå biblioteket i går- om to bøker dei hadde lagt til sides til meg, og Nils stakk nedom og henta dei. Eg har rippa dei inn på maskina, og lagt dei på minnepenn til Solveig. Om Margrete vil ha dei, må ho seie ifrå, elles leverer eg dei tilbake.
Mens eg sit og rippar, har eg sjølvsagt ei bok på øyret og strikketøy.
Til middag i dag var det steikt sei. Seien er aller best når den ikkje er for stor og ikkje har vore i frysaren. Det var eit herlig måltid. Eg kokar ut steikepanna med vatn+lettrømme, det blir herleg saus.
Det vart sein middag i dag også, men no er vi komne til kaffien.
Vi har ikkje sett på TV i dag; å sjå TV på dagtid er noko vi sjeldan gjer, så eg håper programma kjem i reprise-eller så får vi sjå på data. Ingeborg skulle ha vore på Utøya for fire år sidan-men i år skal ho dit, noko ho gler seg til. Alle dei tre jentene våre er AUF-medlemmer. Vi synest det er fint at dei engasjerer seg.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...