torsdag, juli 23, 2015

Dagbok 2015: 23.juli.

Klokka er snart 17.30, og eg sit her med ein kaffikopp, etter at eg har hatt ei stund på sofaen.Ute regnar og blæs det, etter at vi har hatt ein ganske fin føremiddag med "nestensol". Temperaturen er + 13 grader. Heile føremiddagen i dag var vi på rek, måtte sjå ned i Vik på det som går føre seg der denne veka. Der er det nemlig rigga opp salsboder langs heile gata, der dei sel utanlandske godbitar, fortrinnsvis ost, spekemat og oliven frå italienske distrikt. Eg enda opp med ein italiensk ost og spekeskinke(oppskoren) frå Südtirol. Det var alt anna enn billeg. Eit halvt kilo parmesan kosta 250 kr, eg veit ikkje kva den kostar her til lands. Eg kjøpte ikkje enda den var veldig god. Dei tok berre kontantar, noko vi hadde lite av. Eg fann tilfeldigvis to 200-kr- setlar i lommeboka. Dama i ded südtirolske teltet snakka bra engelsk, så eg prat litt med henne.Ho ville vite kva fotoapparatet mitt kosta, for ho ønska seg eit slikt. Eg blir glad kvar gong eg opplever at engelsken min funkar sånn nokonlunde-den er sjeldan i bruk.


Sidan dei fleste butikkane i gågata har lagt ned blir butikkvindua brukt til kunstutstilling i sommarvekene. Det er ikkje lett å få tatt bilde gjennom rutene utan at uvedkomande ting speglar seg, så eg har fotografert sidelengs. All keramikken på bilda er det Rolf Vatn som har laga. Elles er det utstilt bilde i akryl, olje og diverse andre teknikkar. Også foto er det mykje av.Vi såg eit bilde av ein fiskebåt som eg trur Nils ville ha likt.






 I nedste gata låg "Fiskemat"-butikken før. Det er eit gammalt murhus som etter mi meining skulle ha vore rive for å opne sentrum mot fjorden. Men no mens dei har halde på å pusse opp sentrum, har dei mala både "fiskemat" og huset ved sidan av, der det var urmakarbutikk før. Og så har dei fått forstørra gamle bilde og "limt"på innsida av vindua. Eg er ikkje så begeistra som så mange andre er.(NB: bilda er ikkje i svart/kvitt, det berre verkar slik).

Vi enda til slutt opp på Amfi, der vi handla mat. På vegen ned dit passerer vi den gamle vòren som høyrer til Svendsengarden.

Vi kjøper mat kvar dag, somme gonger fleire gonger for dag. Kven er det som et opp alt?
I dag fekk eg ei betre bilde av Saudehornet, og så fekk eg vite at det er neste laurdag det skal vere rett opp-mykje kan smelte før den tid.
Eg kom på at eg hadde behov for blomsterpotter-eg har berre 1000 frå før- så vi måtte ein tur på Plantasjen.Det er vel ikkje berre eg som opplevere at blomsterpottene som vi kjøper plantar i,er blitt større? Men først måtte vi heim med isen vi hadde kjøpt.
Til middag vart det spekemat og potetsalat. Den südtirolske skinka smakte framifrå i lag med mòr frå Ringdal.

4 kommentarer:

solveig sa...

Slike boder såg vi både i Kongsberg og i Mora. Mykje fint og skikkeleg, men og meir juglete ting, vil eg seie.

Besta sa...

Det var berre mat her. Eg kjøpte eit stykke ost og litt skinke. Dyrt, men veldig godt. Der var ei bod med berre oliven også+ ei bod med snop. Ikkje juggel!

solveig sa...

Ikkje kle?

Besta sa...

Nei, ikkje i det heile tatt, så vidt eg kunne sjå. Men dei OSTE-diskane med smaksprøver!!!!!!!!! DER kunne eg ha gått amokk.

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...