torsdag, juni 11, 2015

Dagbok 2015 : 11.juni



Klokka er 18.45, temperaturen ute er +13,5 grader C og det er opplett. Før middag regna det, men no skal det visst vere opplett til i morgon tidleg. Nils fann ut at han måtte ut på terminalen for å fiske, han er litt hyper innimellom.
I går gjorde eg ingen ting, men i dag har eg gjort dobbelt så mykje, minst. (Matematisk problem?)
Før middag støvsuga eg teppegolva, "pussa" koppar og messing etc.etc. Mens Nils kokte middag strikka eg. Elles har eg lagt i hop eit par klesvaskar, tatt ut av oppvaskmaskina m.m. Det er viktig for meg å dokumentere at eg GJER noko, så ingen skal tru at eg er lat.
I fellesskap har vi laga erterstuing av 5 pakkar grøne erter; det vart 18 porsjonar. Nils vil ha erterstuing til nesten all slags mat, så det varer ikkje så lenge før vi må lage meir.
Eg har ikkje verkt så gale siste par dagane, det er typisk; når eg endeleg mannar meg opp til å bestille time på smerteklinikken, så blir eg betre med ein gong. Har time i morgon klokka 10. Men det største problemet er ryggen, og det kan han gjere fint lite med. Eg må nok ty til fysioterapi, men ventar til etter sommaren.
I dag åt vi salta lange til middag, og i staden for å slappe av, tok vi ein kopp kaffi før vi reiste ut i Rjåneshamna. Nils måtte sjå til båten og ause den etter alt regnet. Den skal i teorien vere sjølvlensande, men det er vel ei grense for alt. Mens han jobba gjekk eg tur og såg på naturen.
Eg gjekk forbi den gamle badeplassen vår, med eit visst vemod, og der blomstra tiriltungene.

Nils både ausa og pumpa vatn frå båten. Der ute var det iskald vind, men då vi kom inn att i sentrum var det stilt. Vi var innom Amfi og handla på alle Coop-lappane våre.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...