fredag, juni 26, 2015

Dagbok 2015: 26.juni

Klokka er 21.00, temperaturen er +13  grader C og det er sol og fint. No forlet sola oss her på Vallabøen, men så kan eg sjå bort att på Melle og lengte tilbake til sommarkveldane der.Charlie har flata ut på golvet etter ei travel økt ute.
Det var ikkje så strålande før middag, så då var eg inne. Bakte tre brød, og ei prinsessekake- på vona. Om ingen kom, er den grei å ha i frysaren.
Etter lunsj var vi ute i hagen, planta rosebuska vi kjøpte i går, mellom anna. Eg flytta på eit par plantar etc.etc.
Vi hadde to rettar til middag i dag; kald, kokt makrell og steikt lyr. Sidan eg ikkje hadde spesielt lyst på makrell i dag var det Nils som åt den, mens vi delte på lyren.
Margrete og "ungane" kom innom på veg til Fosnavågen og leverte frå seg Charlie-han skal vere her til i morgon kveld eller sundag. Dei ville gjerne ha litt prinsessekake før dei reiste vidare, så det vart ikkje så mykje som hamna i frysaren.
Nils tok hunden med seg nedom huset, og der fann han ein leikekamerat. Det viste seg at leigebuaren vår var veldig glad i hundar, så det vart ein leik utan like. Eg tok nokre bilde frå altanen, men eg trur eg hadde apparatet på feil innstilling.
Etterpå gjekk Nils tur med han. Men å ta bilde i så låg sol var ikkje heilt vellykka, skyggane blei både lange og mange.




Og der har han tatt plassen min i sofaen.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Fin hund. Kanskje de kan bli hundepasserar de også?

Besta sa...

Den tid Nadja levde var det mykje hundepass på oss. Dei andre hundane har vi passa av og til(Ariel og Bianca). Men Charlie passar vi gjerne, ein snill og morsom hund!Og no skal leigebuarane kjøpe hund også.....så det ser bra ut.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...