torsdag, juni 25, 2015

Dagbok 2015: 25.juni

Vi hadde sett meir av fjorden om det ikkje var så mange tre i hagane til folk.Men somme likar sjø, andre likar skog. Sånn er det med den saken.


Klokka er ca 18.00. Temperaturen ute er + 14 grader og det har vore ein våt  og kald dag, så langt. No ser det ut til å lette opp att litt. Det er visstnok meldt om betre vêr. Det ville i såfall vere godt for alle utandørs-arrangementa i desse dagar, både her med "Dei nynorske festspela" og på Eid der dei set opp "Elskhug og eksis". I Fosnavågen er det rockefstival, der Eirik skal delta i lag med bandet Lommerosk. Ja, det er nok å vere med på, men eg er pyse, orkar ikkje å sitte ute i regn og kulde.
Nils fekk nettopp telefon frå ein kamerat som hadde fiska makrell i dag, så no måtte han bort på terminalen og prøve der.
I dag har eg stort sett gjort ingen ting. Strauk nokre klede, før vi strauk på dør. Nils hadde eit ærend til Volda, så eg tok med bibliotekboka eg hadde lånt av Margrete og leverte den der. Så blei det sjølvsagt lunsj/middag på kinarestauranten.
På heimvegen var vi innom Plantasjen, der vi kjøpte eit rosetre og to potteplantar. Har ikkje orka å plante rosetreet enno. Så måtte vi sjekke kvar bilbutikken "vår" var no. Den hadde dei flytta til nye lokale rett ovanfor flyplassen. Så no er alle bilbutikkane i Ørsta innafor eit begrensa område.
Var også innom biblio her i Ørst, kom heim med to lydbøker, men oppdaga at eg hadde lese den eine før. Bestilte dei to neste bøkene i trilogien om Kråkejenta - på papir. Skal ein lese trilogiar bør ein lese bøkene fortløpande, før ein gløymer.
Etter at vi kom heim har eg strikka, drukke kaffi, rippa bok osb. Merkeleg kor dagane kan gå utan at det skjer så mykje. Rasmus og Co er på veg sørover frå Danmark til Tyskland. Meir veit eg ikkje. Kanskje dei skal til dyrehagen i Hamburg? Den eksisterer vel enno? Ja, vi får vente og sjå.

2 kommentarer:

arieldog sa...

Eg har fått i hus papirbøkene om Kråkejenta, skal begynne på dei snart...

Besta sa...

Den eine som eg bestilte var på utlån, med frist til 2.juli. (det var nr.2-går eg ut frå)

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går. Eg sov godt sist na...