fredag, juni 19, 2015
Dagbok 2015: 19.juni
Klokka er 20.15. Temperaturen ute er + 16 grader og sola skin. I dag før middag var det overskya og skodde, men så betra det seg.
Nils hadde litt fisk å styre med før middag, men då han var ferdig tok vi ein tur innom biblio og henta ei bok. Så måtte vi ha ein liten tur bort i Furene for å sjå den nye butikken til Felleskjøpet. Der trefte vi kameraten til Audun som har sommarjobb der.
Vi handla litt mat på Coop/ Amfi, og då vi kom heim sette eg i gang å lage middag. I dag vart det steikt sei, ein av favorittrettane mine.
Så la eg meg ut på solsenga og las i krimboka mi. Eg held no på med nest siste plata, det går fort unna når spenninga er på topp. Eg har dessverre ikkje vore heilt bra i ryggen i dag, noko som eg rekna med etter lukinga i går.
I dag fyller Elin 60 år. Det er rart når ungdommen etter kvart blir godt vaksne. Den gongen vi vart kjende med familien i Torvika var Elin ei lita jente på 8 år. No er ho bestemor til to. Vi gratulerer henne med dagen og ønsker henne mange gode år framover.
Og så ønsker vi alle ei god helg- og lærarane i familien : God ferie!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:¤.juni
Eg har to slike rhododendron, men dei så så nær kvarandre at dei ser ut som ein. Klokka er no 17.00, det skyar visst over etter at vi har h...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...

1 kommentar:
Takk for fin helsing, Olaug!
Legg inn en kommentar