torsdag, juni 18, 2015

Dagbok 2015: 18.juni

Linefangsten vart skuffande for meg, men eg trur det var litt kjekt for Sondre å få to så store skater. Somme meiner at skatevingar er ein delikatesse, det meiner ikkje eg - og eg har smakt det.

Klokka er snart 18.00. Temperaturen ute er + 14 grader. Det er overskya, men opplett.
Dette har vore ein ekstemt lat dag-for meg.
Nils reiste ut med liner før middag, men var ikkje vekke så lenge. Eg gjekk her no berre og tutla,rydda litt, las litt, strikka litt osb.
Då Nils kom heim fann eg ut at eg hadde lyst på pannekaker til lunsj/middag. Det er lenge sidan sist vi hadde det, og Nils hadde også lyst på. Den tida då barnebarna var her litt oftare steikte eg pannekaker rett som det var, men no når det er berre oss to, blir det sjeldnare. Problemet mitt er at eg har litt vanskar med å lage SMÅ porsjonar, men i dag greidde eg det, vi løyvde berre ei.
Somme dagar blir eg så trøtt når eg ikkkje kjem meg ut, og i dag somna eg på sofaen med lydboka på øyret.
Så fekk eg telefon frå ei veninne og vi hadde ein lang prat.
Klokka 17.00 hadde Nils avtale med Sondre, ein nabogut, om at han skulle få vere med å drage linene. Så blir det spennande å sjå om der er noko som har bite på. Nils fekk eit par seiar før middag, så morgondagens middagsmat er sikra i alle fall.
Då dei for, gjekk eg ut i hagen og vaska hagemøblane med grønsåpevatn. Dei møblane vart kjøpte til Rasmus sin konfirmasjon i mai 1979. Dei har vore på veg til å bli kasta meir enn ein gong, men så har vi beisa dei og reparert på dei, så dei held i år også ! Vi er nesten like flinke til gjenbruk som dronning Sonja.
Etterpå gjorde eg noko som eg ikkje skulle ha gjort, men eg greidde ikkje å la vere, eg reinska ugras! De skulle berre vite kor fristande det er når det eigentleg er "ulovleg". Eg SKAL ikkje bøye ryggen, og eg veit eg blir dårleg av det, men altså........ Under ei helle fann eg ein stor, feit snigel-brun med mørke flekkar. Eg tok ei saks med langt skaft og klipte den i småbitar. Men så kom eg på at det er vel dei einsfarga brune sniglane som er "farlege"- er det ikkje?

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...