onsdag, mai 27, 2015

Dagbok 2015: 27.mai

Klokka er 19.45. Temperaturen ute er + 10 grader, og det regnar litt av og til. Det såg ut til at det skulle bli ein fin dag i dag, men sola forsvann ganske fort.
Eg hadde som mål for dagen å gjere minst mulig, for å prøve å komme til hektene igjen etter at eg var så dårlig i går. Nils gjekk ut i garasjen, og eg stod mykje ved kjøkkenbenken med lydbok, kryssord og sudoku. Så fann eg ut at eg kunne no bake eit par-tre loffar som vi kunne ha attåt fiskepuddingen og rekesalaten som vi skulle ha til lunsj. Så fekk eg gjort litt til nytte.
Det kom folk frå Tussa i dag. Dei har ikkje funne ut kvifor telefonen vår ringer kvar natt klokka 1.00, men no skifta dei modem og vi fekk ny kode på nettverket, så får vi sjå om det virkar.
Etter lunsj la eg meg på sofaen med tjukt pledd i tillegg til knevarmar og leggvarmar etc., eg har begynt på ei ny bok.
Så har eg vore ute ei god stund, men stått i ro og prata med naboar. Stå og ligge går bra, sitte og gå er ikkje så bra. Så no er eg faktisk mykje betre enn eg var i går-og takk for det.
Så lovar dei varmare og betre vêr, det vil sikkert gjere godt, det også.
I morgon har visst Nils tenkt seg ut og fiske. Fredag er det ballettshow, og det gler vi oss til. Det er berre Amanda som dansar av "våre" no, men det er no kjekt å sjå på alle dei andre også. Det plar vere flotte show.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...