tirsdag, mai 26, 2015

Bok nr.41 - 2015: Mi briljante venninne.

Mi briljante venninne av Elena Ferrante (Innbundet)


Mi briljante venninne er ein stor, filmatisk roman. Historia blir fortalt av Elena, som får vite at venninna gjennom eit langt liv, Lila, er sporlaust forsvunnen saman med alt ho eig: Ikkje eit hårstrå er tilbake, ikkje eit fotografi.
 
Historia om Elena og Lila begynner i ein fattig, men pulserande bydel i utkanten av Napoli. Fattigkvarteret er prega av vald og brutalitet. Dei to jentene skil seg ut ved at dei er svært kløktige, og Lila også for villskapen sin. Ho er trassig, møkkete – og fryktlaus. Oppveksten i desse røffe gatene lærer jentene å stole på kvarandre og ingen andre. Elleve år gammal må Lila avbryte skolegangen for å arbeide i farens skomakarbutikk, mens Elena held fram med å studere, og Lila er berre seksten år når ho giftar seg med den velståande kjøpmannen Stefano Carracci, son av den forhatte Achille, for å komme seg ut av grepet Solara-familien har om henne og resten av bydelen.
 
Ferrante har skapt eit storverk om vennskap mellom kvinner, men dette er også forteljinga om Italia som nasjon og dei gjennomgripande endringane landet gjennomgår frå 1950-åra og fram til i dag. Mi briljante venninne er første bok i Napoli-kvartetten.
............................................................
Då eg las dette på nettet, såg eg at dette er første boka i ein kvartett.
Boka har fått svært gode kritikkar, blant anna terningkast 6.
Eg må seie at det gjekk ei stund før eg forstod det. Eg har nok lese boka litt for ukonsentrert, og gått litt surr i namn og familiar.
Boka er ei historie om venninnene Lila og Elena, den sistnemnde har forteljestemma i boka. Dei veks opp i ein fattig bydel i Napoli på 1950-talet. Eg har rekna ut at dei er 4 år yngre enn eg.
Miljø- og samfunnsskildringa er interessant, og på ein måte attkjennande. Eg vil råde andre lesarar til å lese papirversjonen, trur det vil vere lettare å halde orden på personane då. Eg vurderer å lese boka om att når neste boka i serien dukkar opp.
Opplesaren les klårt og greitt på eit nynorsk som minner om Sylvia Listhaug.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...