tirsdag, mai 26, 2015

Dagbok 2015: 26.mai

Klokka er 17.15, temperaturen ca + 15 grader C, og i dag har vi hatt både sol og regn.
Akkurat no driv Nils og klipper plenar, og eg har vaska golv.Eg må prøve å komme meg ut og klippe kantar -viss ryggen held.
I går kveld gjorde er to ting som straffa seg i dag; eg gjekk ein tur rundt på Vallabøen og eg strikka. Forma var laber då eg stod opp i dag, men etter tre dagar med husarrest måtte eg komme meg ut. Nils for først nedover og fekk klipt håret sitt, mens eg vaska mitt og shina meg opp.
Vi var ein tur på Amfi og handla inn mat, vi trong litt av kvart sidan vi ikkje hadde vore på butikken sidan fredag. På heimvegen fekk eg melding frå biblioteket, så vi snudde ned att for å hente ei bok.
Då vi hadde fått på plass varene, tykte vi ikkje at vi hadde fått "lufta" oss nok, så vi laga oss eit ærend ut på Berkneset. Ja,mange forstår nok kva vi gjorde der, vi bestilte gave til Solveig. Han mannen som driv og lagar så ymse, har også andre interesser, i dag fiksa han på bilen til kona. Sjølv har han verdens beste bil, kjøpt i 1986-då var den alt 6 år gammal. Så eg måtte lære meg ein ny bil-logo( kunne den frå før). Han hadde mange reisemål klistra på ruta, men han har ikkje hatt bilen verken til Cuba eller Singapore.Bilda er tatt frå tunet til mannen, der er nydelig utsikt inn mot Dalsfjorden- blant anna. Verkstedet sitt har han i "steinhuset".





På heimvegen stoppa vi og handla tomatar av gartnaren på Urke, han har oppstilling kvar vår der som Prix var før. Eg har ikkje peiling på kva eg treng av blomster enno, så eg kjøpte berre ein plante eg likte, enn så lenge står den på trappa.
Nils koka salta lange til middag, og så vart det ein liten strekk på sofaen og ein kopp kaffi før vi starta arbeidsdagen litt seinare enn vanleg.

I går høyrde vi gauken for første gong i år. Då vi fortalde det til den tyske naboen vår, sa ho at i Tyskland rista dei lommeboka når dei høyrde gauken første gong. Då skulle dei få pengar i den. Vi vart for seine !

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...