lørdag, februar 07, 2015

Dagbok 2015: 7.februar

Klokka er19.15, temperaturen ute er +1 grad C. Nokon storm er det ikkje her, men det kjem nokre vindrosser av og til.
Vi kom nettopp att. Vi har vore i lag med Margrete og ungane, først på musikal og så på Rosabella og ete pizza etterpå. Vi feira både musikalen og morsdagen i morgon under eitt.
I år var det 20 årsjubileum for musikalarrangementa ved VVS, så det var litt spesielt opplegg. Dei sette saman ein kabaret, eller kva eg skal kalle det, av songar frå alle musikalane.Der var mange utruleg flinke songarar, dansarar og musikarar.
Eirik var flink, som forventa, som tøff offiser. Han song to songar, delvis solo, med kor innimellom. Eg har nesten lyst å reise til Fosnavåg og sjå heile forestillinga ein gong til. Det kjem sikkert bilde i Sunnmørsposten, og Eirik er lett å kjenne på grunn av uniforma.
Tidlegare i dag var Nils ut og såg etter båtane, vår og Jørn sin, og fekk tatt nokre bilde av Ørstafjorden. Det er ikkje ofte her blæs såpass. Men båtane hadde det bra. No skal vi kose oss med kaffi og TV.


Bildetekst: Eirik Trovåg Bjørneset imponerte i sine solonummer i "Be our guest". ( (Han song "Come together "(Beatles) og "Thriller" (Michael Jackson)).

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Kjekt at Eirik får prøve seg i musikalar m.m. på vidaregåande, kanskje han vil utdanne seg innan sang/musikk?

Besta sa...

Det er vel draumen-men det er utruleg mange flinke ungdommar. Dei er no heldige som får sjansen til å prøve seg.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...