fredag, februar 06, 2015

Dagbok 2015: 6.februar


Klokka er ca 18.00. Temperaturen er +4 grader C. I dag har det vore skya, men opphaldsvêr.
For å vere heilt "fri" i dag, vaska eg golva i går kveld. I dag har eg stort sett gjort ingenting-ladar opp til musikalen i morgon.Då bør eg ikkje ha vondt verken i rygg eller hofte, for det blir ei stund å sitte i ro.Det er synd at det skal vere slik, for elles gler eg meg veldig. Eg veit ingen ting om kva Eirik skal gjere denne gongen. Vi skal på første framsyninga som tek til klokka 15.00.
I dag hadde eg ærend på apoteket, og tok ein runde rundt på Amfi, for mosjonen sin del, og handla litt på Coop. Såg litt på blomstrane dei hadde der, men rekna med å få billegare plantar på Plantasjen, så vi reiste bort dit.Der kjøpte eg ein St.Paulia og to orkidear. Amaryllisane har eg bore ned i kjellaren, men dei kvite julestjernene skal få stå litt til. Har nokre primula som syng på absolutt siste verset, men dei skal få eit nytt liv i hagen til våren.
Vi var innom biblioteket der det ikkje var noko nytt å hente, men eg sette meg på venteliste for alle nye lydbøker som er i kjømda. Var innom Kiwi på heimvegen og kjøpte det vi hadde gløymt i Vik. Alle stader møter vi folk vi kjenner, dei fleste pensjonistar, så vi blir oppdatert på det meste. Berre folk ser Nils, tenkjer dei:FISK.
I dag hadde vi ein litt sær, men god, middag: Loffskiver med majones, fiskepudding, reker og krepsesalat. Nam!
Eg var trøtt og la meg på sofaen med lydbok. Etter at vi livna til att, har Nils vaska bilen, eg har strikka, rydda - og starta vaskemaskina. Kjende meg litt sår i halsen, så eg tok ei teskei honning- kanskje det hjelper og kanskje ikkje.No føler eg for ein kopp kaffi.
Ha ei god helg alle saman. Dei har visst meldt storm igjen, men eg trur det ikkje før eg ser det.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...