Klokka er 17.45, temperaturen 0 grader C og det snøar ute. Skulle ønske det var litt kaldare så snøen hadde fått ligge i ro litt.
No har vi hatt oss eit skikkelig herremåltid ;steikt småsei med diverse tilbehør, for eksempel grønerterstuing, som Nils vil ha attåt det meste. Vi kokar store porsjonar, og frys ned i små porsjonar, passeleg mykje til oss to.
Denne bloggen min handlar stort sett om kva eg gjer og ikkje gjer, for tida. I dag kunne eg godt tenkt meg ut og mòka snø, det er kjekt å ha noko å styre med ute når vêret er så fint. Men så er det ryggen.... Dei som klarer å mòke snø, er heldige. I alle fall viss dei er pensjonistar. Nils tek det som ein trim.
Eg oppdaga i går ettermiddag at håret mitt var utruleg feitt, og det brukar det ikkje å vere. Kan det kome av at eg steikte relativt store mengder med bacon og pannekaker på føremiddagen?
I dag shina eg først meg sjølv, så tok eg kjøkkenet; flisar, komfyr etc og så bytte eg på sengane og vaska soverommet. På med vaskemaskina! Og så vart det pause til eg skulle lage middag.
Innimellom blir det data, bøker, strikketøy etc. Ikkje noko stort dagsverk. I løpet av kvelden får eg vel legge i hop eit par klesvaskar.
Det er så mykje eg har lyst til, men ein får fleire begrensningar etter som åra går. Det er då eg må ta meg sjølv i nakken og tenke på alle som lever med store handikap heile livet; det må vere ei stor "utfordring" som det heiter no, før kalla vi det problem.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:16.september
Klokka er no18.00, bildet er tatt for ei lita stund sidan.Då braut sola seg i gjennom skodde og skyer som vi har hatt rikeleg av i dag. Eg ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar