mandag, februar 23, 2015

Dagbok 2015: 23.februar

Klokka er ca 18.30. Temperaturen ute er + 4 grader C, og det har stort sett vore opplett i dag. Ja, før middag var det så fint vêr at eg vurderte å pusse vindua på stova, men straks etter regna det.
I går lata eg meg veldig, med det resultatet at eg verkte minimalt, så eg tenkte eg unne halde fram med latskapen i dag. Det har eg gjort og det har funka bra. Har gått her berre og smårydda og dilla.
Til middag i dag kokte eg risengrynsgraut; det gjer eg somme tider når det hopar se opp med melk. Vi hadde poteter og spekepølse også, så det vart middagen i dag.
Var bort til naboen og vatna blomster(dei er på ferie) og då kom Lollo (katten til ein annan nabo) springane i full fart. Ho er vant til å få tørrfisk i det huset.
Elles så har eg gått med lydbok på øyret stort sett heile dagen, så no var der ikkje meir straum på den.
Har no fått stroke litt klede og shina opp kjøkkenet i løpet av dagen. Trur ikkje Nils har gjort så mykje meir. Eg har så lyst å strikke, men torer ikkje å ta sjansen.
I morgon skal eg til legen for rutinekontroll, så då blir det vel ei lita runde på byen også.

3 kommentarer:

torbjørn urke sa...

eg prøver på nytt å skrive deg ein kommentar
mvh Torbjørn urke

torbjørn urke sa...

Då prøver eg ein til:
Hels LOLO, ho er nok meir nyssgjerrig en ho er svolta,håper ho ikkje gløymer meg heilt. Interessant med lokale vermeldingar. Me kjøpte fiskesupe på Sjømannkikirken då me gikk dit i dag. veret var akkurat passeleg temp og ikkje steikheit sol, då hadde me vel vorte solbrende. Broren min og kona hans på Gjøvik har tenkt seg hit onsdag og vert ei veke, så då har me tenkt eit måltidsmøte ein av dagane.

Besta sa...

Kjekt å høyre frå dokke. Tenkte kanskje du las bloggen, derfor skreiv eg som eg gjorde.Kjekt at de har det fint.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...