mandag, februar 16, 2015

Dagbok 2015: 16.februar

Klokka er 18.30, temperaturen ute er +7 grader C. Det har vore opplett og ganske fint i dag også, men det blæs litt. Vind er det ikkje så ofte her hos oss, men i vinter har det vore meir enn vanleg. Det skal visst kome mykje nedbør også etter kvart.
I dag har vi vore nedover og handla litt, det er ei stund sidan sist, så vi hadde behov for både det eine og det andre. Vi var ein liten tur til Volda også, der eg kjøpte meg ein genser på sal. Eg treng eigentleg ikkje så mykje, men må ha litt nytt avog til.
Og så var vi lens for tran-begge to. Eg tek kapslar, Nils drikk ekte tran, slik legen hans har rådd han til. Vi har gått klar både influensa og forkjøling hittil i vinter. Bank i bordet. (Ingen av oss har nokon gong vaksinert oss).
Då vi kom heim laga eg nydelig fiskesuppe til middag. Det er veldig lenge sidan sist eg laga det, og den gongen laga eg så mykje at vi ikkje hadde lyst på det ....før altså lenge etterpå. I morgon er det Feitetysdag, eller Grautatysdag som dei seier her, då skal det eigentleg vere rømmegraut, men trur vi står over-eller utset det til seinare. Det har vore mykje god mat i det siste, FOR mykje vil somme hevde.
Etter fiskesuppa er det berre ein ting å gjere, og det er å legge seg strak ut, det er reine sovemedisinen. Etter siesta og kaffi har eg lese ut boka eg heldt på med, det tok litt lenger tid enn eg hadde rekna med.
Innimellom blir det litt klesvask og rydding. No skal eg ta ei lita stund på kjøkkenet-og så er det "Anno"-kveld. Boka til Øystein er eg så vidt begynt på. Papirbøker les eg innimellom dei andre bøkene. Då kan eg lese så seint eg vil, og nyte kvar setning.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...