Klokka er 18.10, temperaturen ute er ca +1 grad C, og det snør. Dessverre er ikkje snøen så fin og lett som eg skulle ønske, meir på grensa til slaps. Skulle ønske vi fekk fin, kvit snø som låg i ro, men meldingane er ikkje gode.
Dagen i dag har vore rimelig sløv-for meg. Shina opp kjøkkenet før middag, og mens Nils var i Volda til kontroll, skreiv eg referat frå møtet i går.
Sidan vi ikkje hadde planlagt noko til middag i dag, bestemte eg meg for heimelaga pizza, då fekk eg bruke litt av matlageret vårt. Hadde berre fått laga deigen då Nils var tilbake. Han hadde komme inn til legen "før tida". Tilbakemeldingane var gode.
Etter å ha ete opp pizzaen, la eg meg på sofaen med lydbok, og der vart eg liggande både lenge og vel. Her var varmt og godt i stova, så det var lett å slappe av. Det blir vel ikkje så mykje aktivitet resten av kvelden , heller. Det er framleis mørkt ute frå tidleg ettermiddag.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no16.50, temperaturen ute er +12 grader, og det regnar, så no er det slutt på herlegheita for denne gong. No ventar eg på at Mar...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
2 kommentarer:
Her er vi utan TV-signal. Truleg p.g.a. lynnedslag i nabolaget. Også mykje tull med nettet!
Lite vind, ingen lynnedslag og ikkje tull med verken TV eller nett her.Det kan ha sine fordelar å bu inne i fjordane også.
Legg inn en kommentar