søndag, desember 14, 2014

Dagbok 2014: 14.desember


Klokka er19.30, temperaturen er + 3,5 grader C. Det har vore skikkelig grisevêr i dag, regn frå himmelen og slaps på vegane.
Nils gjekk ein trimtur opp i skogsvegane før middag. Eg bestemte meg for å sette to brøddeigar. Men eg såg at det vart knapp tid når vi skulle vere på  balletten klokka 14. Derfor vart det tre vanlege brød+ ein porsjon med Solveigs "Matpakkebrød". 
Vi kom på Kulturhuset kvart på to, for å oppdage at vi hadde tatt feil av tida, balletten begynte ikkje før klokka 14.30. I staden for å fare heim att, kjøpte vi oss kaffi, og fann kjentfolk å prate med.
Det var klassisk og contemporary  i dag, Amanda dansar berre contemporary no. Alle dansarane var flinke; dei hadde fine kostyme og dansa godt. Det vi sakna er scenografien til Jirij. Han er ein meister med lys og bilde.
Då vi kom heim, fann Nils flesk som han steikte i lag med egg. Brød hadde vi rikeleg av.
Eg hadde ikkje heilt godt av å sitte i ro så lenge, så eg måtte legge meg på sofaen  etter måltidet, for hofta verkte.
Bildet: Amanda er nr. tre frå venstre i bakerste rekke.
(NB: Eg veit at "bakerste" ikkje er eit ord på nynorsk, men eg tillet meg å skrive det her på bloggen.)
Dei to eldste gutane på Kongsberg går på taekwondo-trening. De finn begge i andre rekka; Eivind lengst til venstre, Vebjørn som nr.4. Om eg ikkje tek heilt feil.

2 kommentarer:

solveig sa...

Håper du slepp å vere plaga med hofta i jula!

Besta sa...

Det spørs. Har tenkt å ringe smerteklinikken i morgon. Kanskje dei har ope siste fredagen før jul også. Elles blir det tablettane å lite på.

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...