lørdag, desember 27, 2014

Dagbok 2014: 27.desember




Klokka er 17.00. Temperaturen er minus 6 grader C, og det har vore ein fin dag. Det har ikkje kome meir snø, så snømengda er overkomeleg. Bilda er tatt ein gong mellom klokka 13.00 og 14.00. Då var det lyst og fint , og nesten sol.
I dag var vi ein tur på Amfi før middag. Det var eigentlig ikkje noko vi skulle ha, men eg likar betre å gå tur inne enn ute, når det er kaldt og glatt, så det vart litt "mall-walking" i dag. Og så trefte vi folk å prate med. Det er no alltid kjekt.
Etterpå tok vi ein biltur til Volda, for å varme opp bilen; eg gjorde meg eit ærend for å kjøpe meir lestegarn. Strikka ikkje lestar i julegåve i år, trudde alle hadde i overflod, men så viser det seg at det er fleire som kan tenke seg nye strikkalestar. Det går bra, lestar strikkar eg på autopilot. Kjøpte meir av det tjukke garnet som heiter Viking Raggen, det strikkar eg på pinnar nr.4. Det er mjukt og godt å halde i.
Ei stund etter at vi kom heim, varma vi opp middag frå i går. Åt oss godt mette og fraus restane. No har vi drukke kaffi og ete dessert. Elles har eg slappa av og tatt verda med ro i dag, så får vi sjå om eg er litt sprekare i morgon.
Håper at naboane, som er i Eksingedalen, kikar innom bloggen, så dei ser at det står bra til her.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 16.april

  Dette bildet er frå i fjor, men trappa ser likeins ut i dag og eg har gått dei 43 trinna i dag også. Klokka er no 16.04, temperaturen er +...