søndag, desember 21, 2014

Dagbok 2014: 21.desember

Klokka er 15.15. Temperaturen er + 2,5 grader C og det er litt regn. På sikt er det meldt kaldare vêr, så det kan hende vi får kvit jul i år. Men prestekragane, som framleis blømer, kjem vel til å fryse då.
Sundagane får eg sånn ro over meg til å styre på kjøkkenet, sidan vi ikkje plar fare og handle då. I dag har eg styrt litt med mat.
Fann ut at eg ville bake nokre julebrød. Eg kjøpte eitt hos bakaren for noko sidan, og det blei eg nesten dårleg av. Det same har hendt før- og mamma meinte det kom av at bakarane brukar syntetisk kardemomme. Ikkje veit eg.
I dag fann eg oppskrift på nettet. Der stod det at ein skulle legge rosinene i vatn ein halv time før bruk. Det trur eg var veldig lurt. Det som ikkje var fullt så lurt, var at eg ikkje smurde formene godt nok, og berre med olje. Sidan eg brukte olje då eg baka ut brøda, trudde eg det skulle halde, men eg hadde problem med to av brøda. Hadde eg brukt silikonformene hadde eg ikkje hatt problem med å få brøda ut . Av skade blir ein klok-men ikkje rik!
Elles er jula den tida på året då mange ting sluttar å virke. Naboen måtte kjøpe ny oppvaskmaskin, og her takka varmepumpa i kjellaren for seg -vi veit enno ikkje om den let seg reparere.Reparatøren har ikkje vist seg. Dei fekk ned ein laus varmeomn som vi har kjøpt for ikkje så lenge sidan, og den tok fyr!
Det vesle plastjuletreet som vi har hatt nokre år no, var heller ikkje i form - berre halvparten av lysa virka, og dei lyste STERKT. Det blir vel å finne seg eit nytt tre -hos Clas Ohlson. Eg er redd for alle slike halvdefekte, elektriske duppedittar. Hugsar ei julaftan, då vi hadde vanleg juletre, og dei elektriske lysa svikta ut på kvelden.Det begynte brått å lukte fisk, av alle ting.


Vi har ikkje ete middag enno, men i dag blir det fisk, må ha litt sunn og lett mat før det store julegildet tek til.
I morgon skal eg ha ein butikkrunde, har skive ned kva eg treng etter kvart eg kjem på noko. Og no har eg kome meg til att etter innsprøytinga fredag, så eg er i stand til å gå normalt.
I går skreiv eg julebrev på data, som eg sende som e-post. Veit at mange er imot ein slik praksis, men eg meiner at det er betre enn eit julekort med GOD JUL og GODT NYTTÅR på. dei fleste eg kjenner har eg no kontakt med på Face eller/og blogg.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...