lørdag, desember 20, 2014

Dagbok 2014: 20 desember

Klokka er no 18.10. Temperaturen er+ 3 grader og det regnar. Dessverre. Før middag snødde det, og då var det like før det vart julestemning. Nils var ute og mòka, han har ikkje teke i bruk fresaren enno, men brukar handemakt.
Eg vart ganske elendig etter sprøytene eg fekk i går, så arbeidet har gått litt treigt i dag, i og med at eg haltar rundt i låg fart. Eg fekk gjort det eg hadde tenkt, men handlerunde vart det ikkje. Nils var ein tur nedover, men den store handlelista ligg enno på datamaskina. Butikkane er no opne både i morgon, måndag og tysdag, så ingen ting står på.
Jobben min i dag var å stryke og legge på juleløperar og å støvsuge. Det vart gjort, men heile føremiddagen gjekk med. Plasserte løperane litt annleis enn før, og jammen var det bra at eg hadde hengt opp dei kvite gardinene når såpass mykje raudt skulle inn i interiøret. Dei lillablomstra sommargardinene er liksom ikkje høvelige til jul. Ein gong hadde vi gule gardiner med blomster, det var enda verre.

Slik såg sofakroken ut etter at eg var ferdig. Det mangla ein blomst på hjørnebordet, men eg rekna med det kom ein i løpet av jula, og den kom alt i dag. Matias kom med ei fin samanplanting, og Jorunn hadde sendt med ei ekstra gåve: Forkle og to handdukar, begge med makrellmotiv. Så no får vi håpe forkleet blir brukt! Fine og høvelige gåger var det i alle fall.

Eg tykte det høvde godt at julepynten frå comeback - presten vart plassert midt mellom to kyrkjer. Løparen har eg sjølv brodert. Det er heilt sant! Eg sydde den første året eg gjekk på lærarskulen, då vi budde fire jenter i andre etasje i huset rett nedanfor Gamlegymnaset i Volda. Vi sat og skravla og sydde til langt på natt i tida før jul. Løparen gav eg til mamma, men fekk den att då ho døde. Den ber på mange minne.


Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...