mandag, november 10, 2014

Dagbok 2014: 10.november

Klokka er snart halv sju. Temperaturen ute er + 9 grader, det regnar, og det har det gjort heile dagen. Men det skal visst bli betre vêr igjen.
I dag måtte vi nedover og handle litt, hadde ikkje vore på butikk sidan torsdag. Og då gjekk heile føremiddagen.
På Amfi trefte eg ein tidlegare kollega som eg prata lenge med. Nils var på apoteket, og så handla vi på Coop. Brukte alle rabattlappane. Men melk hadde dei ikkje, så eg måtte innom Bunnpris og få det.
Eg er veldig nøgd med Doro-telefonen min, og Nils ville gjerne ha ein samme sorten, derfor måtte vi bort på Lefdal. Dei hadde ikkje den telefonen inne, men fleire nye var på veg, så dei rekna med å ha den i butikken i morgon. Dei skulle sende melding til meg-på mobil.
Sidan vi likevel var der borte, kunne vi stikke innom plantasjen for å få tulipanløkar i hus. Der trefte vi ei dame som vi kjenner og vart ståande og prate med henne. Ho er også pensjonist, så då har alle tid til ein prat.Men tulipanløkar fekk vi ikkje. Utselde var dei der.
På tilbakevegen var vi inn på Rema 100-butikken på Ose og handla litt der også.
Ja, og så var eg ein liten tur innom strikkebutikken etter meir garn. Driv og strikkar lester av restegarn, men må ha litt å fylle på med.
Nils er så glad i fiskegrateng, men eg synest det er mykje styr, derfor lagar eg det sjeldan. I dag fann eg ein lur måte, heilt utan styr, og veldig fort gjort.
Hadde ein ganske stor rest med makaroni i frysaren, som eg tinte. Nils tok ein fiskefilet frå frysaren, tinte den litt, skar den i terningar og kokte den på ei tallerk i mikroen. Eg smurde ei form, fordelte makaronien utover botnen, så fisken, og så laga eg ein kvit saus, piska egg og hadde i, og tømte utover. Strøkavring frå pose på toppen. Det var fort gjort, det vart lite rot og fiskegratengen vart god. Eg hadde sjølvsagt sett på steikomnen før eg begynte. Vi brukar ikkje poteter attåt når der er så mykje makaroni i, men eg finraspa rikelig gulrot (med hand) og hadde attåt. Dette skal eg gjere oftare. Dessverre åt vi så mykje at der er ikkje nok til eit måltid til.
No har vi kvilt middag og drukke kaffi, så blir det vel strikketøy, bok og TV resten av kvelden. Håper det blir ute-vêr i morgon.
I morgon kjem gartnaren "vår"og skal klippe plommetre, og onsdag skal Nils og Matias ut og fiske.

4 kommentarer:

solveig sa...

Fiskegrateng er godt, men det er sjeldan kost her i huset - nettopp på grunn av alle prosessane.

Besta sa...

Du skulle sett kor raskt det gjekk her i dag!

Hildegard sa...

Far min var veldig glad i "plukkfisk" med litt smelta smør på, og flatbrød til. Lettvint måte å nytte fiskerestar på.
Mange varianter av denne retten.
http://matvett.no/oppskrift/plukkfisk/

Besta sa...

Ja, plukkfisk kjenner eg til i mange variantar, men det er sjeldan fiskerestar her i huset. Vi lagar ikkje til meir enn vi et opp.

Dagbok 2024: 29.april

 Klokka er no 18.30, temperaturen ute er + 11 grader, det er mest overskya, men opplett og solstreif. I dag har Rasmus og eg vore heime ålei...