Klokka er 19.00. Temperaturen er + 11 grader og det har vore overskya i heile dag. Litt regn av og til.
Før middag kom feiaren, og Nils skifta til vinterhjul på bilen. Eg støvsuga og begynte så smått å pakke. Så fann eg ut at det faktisk var på tide å kjøpe ein ny koffert, og dessutan var det mykje anna vi trong, så det vart handlerunde i Volda og Ørsta.
Då vi kom heim laga vi middag; kokt lange og blomkålsuppe. Den noko undelige samansettinga kom av at vi hadde eit blomkålhovud som var ute på dato.
Etter ei pause, fekk eg pakka den nye kofferten, og neimen om den var for stor ! Hadde den vore større kunne eg hatt med meir.Ikkje berre skal ein ha med klede, men i tillegg all slags duppedittar med ladingsutstyr. Mykje å passe på. Nils tek ansvaret for å få med fisk etc.
Vi kjem til å prøve å kome av gårde så tidleg som mulig i morgon. Godt å sleppe å køyre i ukjent terreng etter at det er mørkt. Elg kan vi treffe på også.
Det er ein lang biltur, særlig for den som skal køyre, men håper på bra vêr og berre vegar. Vi var litt meir vane med å reise før i tida, no når vi reiser så sjeldan, krev det meir tankearbeid.
Vi håper på fine dagar i Kongsberg, og gler oss til å feire.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 21.desember
Klokka er no 17.55, temperaturen ute er +5 graderC ogdet regnar, og PC-en spår om enda meir regn, greitt nok for meg, regnet slepp vi å mok...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
2 kommentarer:
God tur og hels til Rasmus og familie!
God tur! Håper de får fint føre!
Legg inn en kommentar