søndag, august 24, 2014

Dagbok 2014: 24.august

Klokka er no 20.45, temperaturen ute er +15 grader C, og det er opplett og ganske fint. I dag har vi opplevd både sol og regn, minst av det siste. I dag hadde vi tenkt å gå ein liten tur, men så begynte Nils å snakke om sosakjøt på Raftevoll, som har blitt den store søndags-"fema" her i Ørsta. Men klokka var vel 11, så det var lenge til middag, derfor måtte vi ta ein litt lengre tur.
Eg har lenge tenkt på at eg har lyst å sjå att Oldedalen. Har vore der ein gong for lenge sidan, på skuletur, men eg hugsa lite og ingen ting att. Kva ser ein i ein buss full av ungar, som er mest av alt opptekne av snop? Den gongen gjekk vi opp til breen, det hadde vi ingen planar om i dag.
Vi stoppa på rasteplassen Kråka mellom Loen og Olden og tok oss ein kopp frå termosen, og så køyrde vi beine vegen så langt den gjekk. Tidlegare i sommar køyrde vi langs Loenvatnet, det var eit litt skummelt prosjekt, eg likte med betre på vegen langs Oldenvatnet. Først kom vi til eit lite vatn, som heiter Floen, og så kom vi til det rette Oldevatnet, som var skikkelig stort, grønt og vakkert.Eg trudde først det var to vatn, men det hang så vidt saman på midten.

Her stoppa vi så vidt det var.Det var mange turistbussar i dag, og sikkert mange som skulle opp til breen. Vi såg snurten av eit par andre brearmar.Så stoppa vi på utvalde stader på turen nedover og tok bilde. Så alle bilda er altså "tilbakeblikk".







Her har vi stoppa ved campingplassen Gryta. Eigaren kom ut på tunet og vi prata lenge med han. Nils fekk høyre om fiskeriet i vatnet,  der er både ørret og røye, fekk vi vite, mens Loenvatnet ikkje har røye.Det er mange som har drive med geiter der i dalen, no er det ikkje mange att. Vi såg to flotte bukkar som låg og slappa av, det såg ikkje ut som dei estimerte meg i det heile tatt. Sjekk dei horna! Her skulle han "Daffa" Nupen ha vore !



Her kan de sjå det smale sundet som bind dei to halvdelane av vatnet saman, det går ei bru over. Og garden i nærleiken heiter, ikkje heilt uventa, Sunde.

Sidan Olden nye kyrkje var open, stoppa vi og gjekk inn og såg oss om. Kyrkja er bygd i 1934. Lenger nede i bygda står ei kvitmåla kyrkje som er mykje eldre, og bygd på tuftene av ei enda eldre kyrkje. Eg kjøpte ein brosjyre, så eg skal studere saka litt nærmare. Såg litt på gravstøttene, og oppdaga at namnet Rasmus har vore mykje brukt på dei traktene. Fann ei grav som eg meiner måtte vere bestefaren til ein eg kjende ein gong.




Ved kaia i Olden låg turistskipet som hadde kome med turistane i dag. Det var ikkje halvparten så stort som det vi såg ved kaia i fjor. Dette heitte Voyager.

Og så var det beine vegen til Grodås og middag. Eg har høyrt så mykje skryt av desse sosakjøtmiddagane at eg såg fram til eit herremåltid. Men kva skal eg seie? Eg meiner at sosakjøt skal vere kjøt med bein i, møyrt og saftig. Og kva fekk vi? Store terningar av beinfritt kjøt, som var tørt som knusk, 2 store poteter og mykje saus. Litt erterstuing, som var altfor salt, litt gulrot og tyttebærsyltetøy. Mett vart eg i alle fall, og eg forstår at det er betre å servere kjøt utan bein, men trong det vere så tørt. Noko som går att på alle norske kafear er at dei serverer altfor lite grønsaker til maten. Karamellpudding med krem+ kaffi til dessert.
Ei lita stund etter at vi var komne heim, kom ein nabo med varmrøykt laks og kaldrøykt makrell som han hadde laga til sjølv. Akkurat då var eg litt for mett til å smake.
Eg var heilt surrete i hovudet etter all køyringa, så eg la meg strak ut på sofaen.Ikkje heilt i form-forkjølinga er ikkje heilt over.

2 kommentarer:

solveig sa...

Fine bilde!
Det er ikkje kjekt å ete mat på kafe/retaurant og tenkje at ein skulle laga det betre sjølv ... Fekk lyst på sosakjøt!

Besta sa...

Det var i det minste godt etande. Men du veit no sjølv korleis du ville hatt sosakjøtet. Eg forstår at dei må gjere det annleis-men norsk kafemat er sjeldan ei kulinarisk oppleving. Raftevoll er tross alt eit hotell !Og så var det alt skrytet eg har høyrt.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...