Klokka er 20.30, temperaturen ute er + 22 grader C og sola skin. Vi har hatt enda ein vakker og varm sommardag. Då vi stod opp i dag, låg skodda heilt ned på marka, men det varde ikkje lenge før den var borte.
I dag har eg gjort nesten ingen ting. Dvs. eg har vatna i hagen og det er etter kvart ein liten jobb, for no er det mykje som er tørt. Litt ugras har eg fjerna også etc. Men mykje av tida har eg lege eller site ute i sola med lydboka mi. Det har ikkje vore så varmt i dag som før i veka, ikkje så mykje over 25 grader, trur eg, men det er nok når ein er godt kledd.Men varmen plagar meg ikkje på nokon måte.
Nils tok seg ein tur på sjøen på ettermiddagstid; han fiska eit par småseiar som vi hadde til middag, og så fekk han bade.
I dag går "Hundedagane" inn og dei varer til 23.august. I Norge meinte ein at om Hundedagane gjekk inn med finevêr, skulle dei gå ut med dårlig vêr, og omvendt; ikkje heilt ulogisk. Ved kysten venta ein at det skulle vere stille på sjøen denne tida.
Morfaren min, Isak Andreas Skåden, vart fødd 23.juli 1874.
I min barndom, då vi hadde både foreldre, tanter, onklar og besteforeldre på Eid, hadde nesten alle dei vaksne bursdag om sommaren. Eit par gonger kan eg hugse at vi feira fødselsdagar i Stigedalen, på fjellhytta der.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026:14, september
Klokka er no17.40, Ute er det litt regn og +13 graderC- så eg held meg inne. Eg har ein liten arbeidsplass her på kjøkkenbordet. Og her har ...
-
Far i huset ønsker seg eit par skikkelige tova fiskarvottar som kan halde hendene varme i all slags ver. Eg har søkt på nettet etter oppskr...
-
Det er ikkje til å tru, men vi har strålande ver i dag også. Sola skin,det er berre lette skyer på himmelen og temperaturen er minus 3 grade...
-
Klokka er no snart 18.00, temperaturen 10-11 grader C, og det er framleis sol sjølv om det blir meir skyer etter kvart.Sidan eg har tatt b...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar