Klokka er 19.00, temperaturen ute er + 20 grader C. Det er lettskya og fint, men vi har ikkje hatt så mykje sol i dag.
Vi hadde i grunnen tenkt å finne på noko i dag, men vi vakna noko stive og møyrbanka og var ikkje i form til så mykje. Vi kom oss etter kvart vi kom i bevegelse.
Nils hadde eit ærend nedover og eg tok "helgavasken" i dag, så får eg støvsuge i morgon elle fredag. Sidan vi driv og klipper på gras og ugras heile tida er det ikkje fritt for at vi dreg med oss noko inn. Nils klipper litt plen dei fleste dagar, ei bot om gongen, og eg brukar flittig dei to kantklipparane mine, ein som går på batteri og ein som eg koplar til straum. Den siste er best, men den med batteri er grei når eg skal langt ned i bakken. Synest hagen blir større for kvart år.
I dag har vi hatt not over jordbæråkeren, den ser veldig fin ut. Lusekrigen er ikkje starta, men eg spraya litt gift på nokre av greinene.Har brukta gifta på rosebuskene, og den skal vere effektiv mot alle sortar lus. Men å spraye to heile plommetre-det går ikkje. Dessutan er det altså gift !
I dag laga vi tidlig middag, og det var steikt sei! Det er noko av det beste eg får, og vi åt oss krampaktig mette, med det resultatet at vi somna tvert, berre to.
Så tok vi oss ei lita tutle i hagen igjen, men arbeidslysta var ikkje på topp. No er det begynt å bli alvorlig tørt her, så litt regn hadde gjort seg, men helst om natta. Nydelige sommardagar dette, som vi må nyte så godt vi kan.
Dessverre er eg ikkje i form til å gå så mykje, så det blir å rusle rundt dørene og vente på betre dagar.
Etter at eg hadde skrive på bloggen gjekk eg ein bitte lite tur i hagen og nabolaget. Bilda talar vel for seg sjølve?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024:22.desember
Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er grader C og det regnar litt småt...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
1 kommentar:
De er aktive i hagen og det er fin trim det også. Det ser fint ut med dokke. Fine dagar som berre må nytast.
Legg inn en kommentar