tirsdag, juni 03, 2014

Dagbok 2014: 3.juni


Klokka nærmar seg 22.00 og det er lyse dagen ute. Det er lettskya og ca +18 grader. I dag har vi hatt den første verkelege sommardagen, med temperatur opp i ca 25 grader, og ingen kald vind.
Det var rett nok ikkje så mykje sol frå morgonen av, og heilt klårt har det ikkje vore, men herlig vêr å vere ute i. Først på dagen jobba eg litt i hagen, husarbeidet står på vent til det skyar over. Eg reinsa litt ugras, klipte kantar m.m.
Etter lunsj la vi oss ut på altanen for å slappe av litt, og der somna eg. Vakna klokka 13.30, men rakk både å dusje, kle meg om og stikke innom minibanken etter kontantar, før eg møtte opp hos frisøren klokka 14.00. Eg har no endelig fått sommarsveis, og det var på tide.
Etterpå var vi ein tur på Amfi og handla litt. Middagen i dag vart pølser+ brød. Vi prioriterer utelivet! Ikkje at eg har gjort noko særlig, men eg har no fått prata med naboane - kjekt det også. Vi har oppdaga at vi har lus på plommetrea, både vi og naboen. Vi har sett at noko er gale, men trudde det var ein liten frostskade på blada. Det var det altså ikkje og i dag fann eg oppskrift på lusemiddel på FB; eit middel som ikkje inneheld gift. Så får vi sjå om det virkar. Kjerringrådet med eddik på ugras var i alle fall ikkje ueffent.
Vi har ein nabo som er eit par år eldre enn eg. Kvart år går han opp på taket sitt og malar -utan sikring. Eg har sagt det til han, at eg kjem til å få infarkt viss han skal halde på slik. Men han høyrer ikkje på meg!
Dataproblema i går hadde ikkje noko med oss å gjere, dei var universelle.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024:22.desember

                                                 Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er    grader C og det regnar litt småt...