mandag, juni 02, 2014

Dagbok 2014: 2.juni

Klokka er19.15, temperaturen er + 20 grader C og sola skin. Dagen i dag har vore varmare enn gårsdagen, vi har ikkje hatt den kalde vinden.
Trudde ikkje eg skulle fått så vondt etter den vesle turen i går, men det gjorde eg altså. Vart liggande til langt på natt før eg somna. Det var vel derfor eg ikkje vakna då Nils stod opp og reiste på sjøen før klokka 7 i dag.
I dag kom han heim med bra fangst med sei, både små og store. Vi har nokre naboar som gjerne tek imot småsei, og så ringde han til Harald som kom og fekk påfyll. Det var kjekt å kunne sitte ute og prate med folk. Det er sommar!
Eg styrte litt i hagen før middag; mellom anna prøvde eg ut eit råd eg har funne på FB om fjerning av ugras: Ein del eddik (35%)+ to delar vatn vart blanda på sprayflaske og spraya på ugraset. Som faktisk døde. Må ikkje brukast i plen, for det drep gras også. Det er ufarlig, og billigare enn andre kjemiske stoff ein kan få kjøpt. Må nok fare over ein gong til, for ikkje alt var borte.
Til tidlig middag i dag vart det sjølvsagt kokt småsei. Litt soling på altanen vart det, men eg har ikkje lege i ro så lenge. Det er ikkje godt for hofta mi.
Elles har eg streva med laptoppen, den vil ikkje funke, og no er eg redd for full kollaps slik at eg misser alle bilda mine. Får ikkje lagt bilde inn på bloggen her og no på grunn av problema.
Her kjem nokre feilmeldingar her også, så det er ikkje godt å vite kvar problema eigentlig er.
PS:
Problemet vart løyst då Nils tok ein ledning frå "boksen" og sette den inn att i eit anna hol. Forstå den den som kan.
Elles vil eg gratulere dei to tvillingkusinene mine med dagen i dag ! Den eine bur i Skjåk, den andre i USA.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024:22.desember

                                                 Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er    grader C og det regnar litt småt...