Før middag gikk vi ein liten tur, eg var ikkje så sprek i dag som søndag for ei veke sidan. Vi køyrde bort til Ytre-Hovdeåsen og gjekk same ruta som 18.mai; bilvegen så langt den gjekk og så tilbake på ein sti i skogen. I dag hadde vi fotoapparat med, så vi kunne ta bilde.
Ørstafjorden har ein underleg turkis farge for tida. Det er viss grønalgar som gjer at den er slik. Men vakkert er det?
Då vi kom heim, åt vi litt lunsj, og resten av dagen har vi for det meste vore på altanen. Der vi har sola oss, og eg har lese ut boka mi.
Nils var ned og stelte litt med jordbæråkeren og eg har hengt ut eit par klesvaskar, den eine har eg teke inn og fått på plass.
No skal vi lage middag. Det blir enkel kost i dag etter at vi har skeia ut og gått på kafe i to dagar.
Hovdevatnet.
Melshornet rett fram.
2 kommentarer:
Eg serverte enkel mat i dag, kjøtsuppe og pannekaker. Trur journalisten sette pris på pannekaker. Det lagar han seg ikkje sjølv.
Kjøttsuppe og pannekaker er no ikkje så veldig enkel mat. Ein god del arbeid med det. Vi hadde fiskekaker frå frysaren. DET er lettvint.
Legg inn en kommentar