lørdag, mai 17, 2014

Dagbok 2014: 17.mai.

Klokka er 22.30, temperaturen ute er + 11 grader C. Det har vore bra vêr i dag, opplett, litt vind og sol innimellom. Eg er glad på vegner av alle barn, musikantar og andre som har feira dagen ute.
Sjølve var vi litt treige med å komme oss i siget i dag, men fann etter kvart ut at vi ville ta turen til Hareid og folkefesten som skulle begynne klokka 17.00. Øystein skulle halde tale, så det var no fristande å vere til stades.
Der var mykje fint program, musikkorps og kammerkor før talen. Øystein apa etter Frank Årebrot som beretta 200 års historie på 200 minutt.  Øystein fortalde Norgeshistoria frå år null (viss det er noko som heiter det?) til 1814 på 18 minutt og 14 sekund. Men hjelp av stoppeklokke greidde han det akkurat. Det var ein nokså hurtig repetisjon, men han fekk med både kongar og krigar og meir enn det.

Alle borna i barneskulen på Hareid var på scena på ein gong. Dei song fleire songar, og framførte delar av ein "musikal" om Ivar Aasen. At dei er flinke å synge på Hareid er det ingen tvil om. Dessverre blei ikkje bilda gode, det er ikkje så lett å ta gode bilde, når ein ikkje vil stikke seg for mykje fram.
Etter festen vart vi med heim til Solveig og Øystein. Der fekk vi god mat, som vanlig. Pølser med brød etc.+ "Grunnlovsdessert" og kaffi. Kjenner at eg må mosjonere i morgon! Takk for ein fin dag!

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Triveleg på Hareid ser det ut til, og Øystein er ein dyktig talar, så dette var sikkert interessant og kjekt. Vi heldt oss heime ved grytene, har vore tradisjon at alle kjem her i løpet av dagen. Etter kvart som den yngste generasjonen flytter ut, og våre barn blir besteforeldre, blir det vel ei endring på dette.

Besta sa...

Vi var ikkje ut for ei dør før vi for til Hareid. Har ingen av våre her, veit du.

Dagbok 2021: 23.juni

Klokka er 15.05, temperaturen ute er + 17 grader, men eg synest det er litt kaldt. Det er litt tidleg å skrive blogg, men eg hadde pause no...