fredag, mai 16, 2014

Dagbok 2014: 16.mai

Klokka er kvart på sju, temperaturen ute er + 13 grader og det er opplett. Før i dag har det regna litt.
Eldste guten på Kongsberg fyller 12 år i dag, og feirar i lag med klassekameratar på bowlingen, etter som eg har forstått. Bildet over er snart eitt år gammalt, så han har vel forandra seg litt sidan det.Eivind er ein snill og grei gut, som er veldig flink å passe på og ta seg av dei to yngre brørne. Vi gratulerer med dagen!

Nils og eg har hatt ein kjekk dag i dag. Klokka 11.00 stilte vi på Bakkola klar til songstund. Det var Mathias Austrheim, pensjonert sokneprest, og kona Jorun som stilte som forsongerar. Dvs. Jorun måtte melde pass fordi ho var sår i halsen, men Mathias greidde seg godt åleine. Ikkje alle greier å spele "vilt" (utan notar) på piano på samme tid som dei syng alle versa på alle songane! No er dei ein musikalsk familie; dottera deira er utdanna organist. I dag var det "nasjonalsongar" som stod på menyen. Salen på Bakkola var fullsett av pensjonistar som song av full hals, kvar med sitt nebb. Etterpå fekk vi kjøpe rømmegraut og kaffimat, om vi ville det. Vi kjøpte oss kvar sin porsjon med graut, og fekk ein kaffikopp attpå. Pensjonistlaget har ingen ting med dette arrangementet å gjere, men eg tenkte eg ville sjå innom korleis det virka. Det har vore fleire slike samlingar med ulike artistar, og det har slått godt an.
Mathias er frå Sandane, og han held betre på Nordfjorddialekten enn det eg gjer.
Han fortalde litt mellom songane, mellom anna ei historie om morfaren sin som budde på Lotsberg. Han var ikkje i form og gjekk over fjellet til Nordfjordeid til sjukehuset der han møtte dr. Wennevold, som kunne fastslå at han hadde kreft i magen og det var kome så langt at ingen ting kunne gjerast. Så gjekk han over fjellet og heim att. Det seier noko om kommunikasjonane før i tida. Blant anna.

På heimvegen henta vi gardinene på renseriet. Det kosta litt å få dei rensa, men så er dei like fine som om dei skulle ha vore nye. Når gardenene var såpass dyre å kjøpe, kan det vere greitt å stelle pent med dei. No må eg skunde meg å få vaska fargen ut av håret, så eg ikkje blir ein skandale i morgon.
Ønsker alle ein fin 17.mai.



Ingen kommentarer: