mandag, mai 12, 2014

Dagbok 2014: 12.mai


Klokka er 20.30, temperaturen ute er + 12  grader C. Det har vore ein lettskya og fin dag, som gikk så altfor fort. No blomstrar epletreet, og det er noko av det vakraste eg veit.
Nils gikk ein tur før middag, han var heilt opp i Skåla.
Eg brukte mykje av føremiddagen til å lage mat. I dag laga eg ball. Det er ikkje så mykje arbeid, men det er mange ulike ting som skal kokast og steikast, så det blir noko rot. Eg var også ute og reinska litt ugras, hengde opp klede m.m.
Margrete kom nærmare kl. 15.30, og vi åt oss stappmette. Eg har ikkje kome heilt i form enno. Då Margrete hadde fare, la vi oss ut på altanen, og eg somna tvert i sola.
No driv eg og les siste resten av boka " Når gjøken galer".

2 kommentarer:

solveig sa...

Nydelege epleblomster!

Hildegard sa...

Enig i at epleblomsten er fin. Heime på garden der eg vaks opp, hadde vi ein stor eplehage med gamle, høge epletre (høynesepler, runnepler)som blomstra så vakkert om våren. Trea var så høge at vi måtte i lange stigar for å få plukka alt. No til dags blir frukttrea klypte kvart år og ein når det meste frå bakken. http://www.starheimsbygda.no/bygdehistoria/151-frukt-baer.
Eidabesta

Dagbok 2021: 29.juli :Olsok

Klokka er no 15.25, temperaturen er + 27 grader og det er lettskya. Det kan visst komme torden og regn etter kvart, men enno er det opplett....