tirsdag, mai 13, 2014

Dagbok 2014: 13.mai


Klokka er no 19.30. Ute er det overskya og + 9 grader C. Var så vidt ut for døra og kjende ein iskald vind. Elles har eg halde meg innadørs i dag.
Førre veka leverte eg sommargardinene på renseriet, så i dag tenkte eg at eg måtte gjere klart til oppheng av reine gardiner. Derfor sette eg i gang og vaska heile vindusveggen med glaskarmar etc.+ at eg pussa vindua. For første gong på mange år tok eg sjansen på å klatre i gardintrappa og vaske høgst oppe. Det er kanskje ikkje det å vaske som er meste arbeidet, men heller det å flytte alle ting fram og tilbake. Eg vart ferdig til klokka 12.00, då kom Einar og åt lunsj med oss. Vi visste at han kom, for han var på kurs her i Ørsta og hadde varskudd oss på førehand. Kjekt å sjå dei vaksne barnebarna somme tider, det er ikkje så ofte.
Måtte ha meg ei stund på sofaen med lydbok,etterpå skreiv eg eit lite avisinnlegg. Men då Nils reiste i bursdagsselskap til ein kamerat, fann eg ut at eg kunne vaske eit par vegger til, og no er det gjort. Er vel fornøgd med meg sjølv, for no er eg ferdig med meir enn halve stova. Vi er vel av dei få som enno ikkje har mala panelveggene våre, men vi likar å ha det slik, og når eg vaskar med Faxesåpe annakvart år held veggene seg ganske lyse. Nils er dessutan allergisk mot malingslukt, så det er ikkje så godt å få malt noko heller.
Eigentlig kunne eg godt tenkt meg å vere utan gardiner i sommarhalvåret, for då skin ikkje sola inn i stova, og eg saknar ikkje gardiner når her ikkje er innsyn, delvis på grunn av altanen, og delvis på grunn av plantar. Men når ein har skaffa seg gardiner, får ein vel bruke dei.Vintergardinene er vaska og heng til tørk på altanen. Dei er 14 år gamle og like fine! Ja, dette vart litt av ein "gardinpreken".

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...