lørdag, april 12, 2014

Dagbok 2014: 12.april.

 Klokka er snart 19.00. Temperaturen ute nærmar seg + 8 grader C. Det held på å lette opp etter ein særdeles våt og grå dag; no er det like før sola skin. I dag hadde eg planar om å kjøpe eit par ting til meg sjølv, og sidan eg ikkje har funne det eg vil ha verken i Ørsta eller Volda, må ein reise til nærmaste by. Nemlig Ulsteinvik. For oss som har fri heile veka, passar det ekstra godt å fare på shopping på laurdag. NOT. 
I Ulsteinvik var det full balluba med folk som skulle handle til påske. Vi var innom både Blåhuset og Amfi, men fann ikkje det eg ville ha. Kjøpte faktisk nesten ingen ting.Men vi hadde no turen. Det var litt av vitsen; eg sette på varme i setet for å kurere gikta, og jammen trur eg det hjelpte. Då vi køyrde utover tykte Nils han såg den gamle båten vår, "Lasse", i fjøra i Eiksund. På heimvegen måtte vi stoppe slik at han fekk sjå etter. Men det var ikkje "Lasse". Vi selde den båten til nokre som bur der, så det var ikkje så usannsynlig at det skulle vere den båten.
 Då vi køyrde innover fann vi ut at vi kunne ete middag på Landscape i Volda, og det gjorde vi. Der er det ganske billig, eigentlig er det lunsjrettar, og vi likar Kinamat.
Så var vi innom Amfi og handla på apoteket og på Coop. Der var det utrulig fullt på parkeringsplassen, så det er tydelig at folk handlar inn til påske.
Då vi kom heim var det berre å koke kaffi og ta seg ein strekk på sofaen. Då eg hadde lege på ladding ei stund, stod eg opp og laga to kakebotnar.
Vi har planar om å reise til Kongsberg på tysdag.
I dag fyller systera til Nils 79 år. Mor hans hadde fødselsdag på 12.april, ho også.
Vi gratulerer "systa" så mykje med dagen!
Her er Anne Marie mellom dei to brørne sine. Året er 1999, då feira vi 90-årsdagen til svigermora mi.
Og her er Johanna, mora til Nils, i lag med barnebarnet, Solveig og oldebarnet Olaug.

1 kommentar:

solveig sa...

Kjekt å sjå att de femten år gamle bilda. Vi har og hatt regn i dag.ikkje slik vermeldinga var tidlegare i veka.

Dagbok 2024: 5.mai

Klokka er no 18.13, temperaturen ute r + 13 grader C. Det har vore sol og fint i heile dag, men ikkje så varmt som i går. Eg vakna tidleg i ...