fredag, april 11, 2014

Dagbok 2014: 11. april

Klokka er 18.10, temperaturen er + 7,7 grader C og det er nysnø i fjelltoppane.Det har regna i heile dag men akkurat no er det litt lettare. Trur det må vere typisk giktvêr. I alle fall hadde eg ei dårlig natt med mykje verk etter at eg var så aktiv i går.
Nils for på sjøen i dag tidlig, men der er lite fisk å få. Han stressar litt med fiskeriet fordi vi skal til Kongsberg neste veke og har lyst å ha med oss litt god Vestlandsfisk. Det er meldt vind dei komande dagane så det blir vel ikkje høve til meir fisking.
Eg har gjort lite og ingen ting i dag, men har i alle fall fått lagt opp buksa eg kjøpte førre veka, det er slikt arbeid som eg har ein tendens til å utsette.
Vi hadde veldig tidlig middag i dag, trur ikkje klokka var meir enn 12.00 då vi år, men vi hadde vore tilsvarande tidlig oppe. Nils fekk eit par småseiar, så vi hadde i alle fall ein middag med fersk fisk. Vi har fisk eller fiskemat 4-5 gonger i veka, det er det vi har mest lyst på. Desse fiskarkompisane har funne ut grunnen til at dei får lite fisk er at der ligg store mengder laksesild på botnen, så fiskane har rikelig med mat utan å bite på anna agn.
No skal vi ha oss ein kaffikopp meg noko attåt.
Så vil eg ønske alle ei god helg, og
GOD PÅSKE !

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.april i dag.

 Bilde frå turen min i dag- På det øvste bildet ser vi gjengen som har tatt ned masse ore-skog og rydda fint opp. I dag hadde dei ei maskin ...