torsdag, april 10, 2014

Dagbok 2014: 10.april.

Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C.
I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er heller sjeldan.
Det gjekk brått opp for meg at det er påske snart, så eg hala fram diverse påskepynt, og fekk "gula" her opp lite grann.Løparar vart strokne og lagt på her og der. Det heilt store vart det ikkje, men det blir det sjeldan. Nils vart sendt til skogs for å hente halvutsprotta bjørk til å henge påskeegg i. Han var tidlig oppe i dag også, sidan han skulle til legen. Elles vakna vi begge i sju-tida, som vanlig.
Etter pyntinga vaska og støvsuga eg heile kåken, sånn nokonlunde.
Då vart det ei kvilestund framfor datamaskina, så eg fekk skrive referatet frå møtet i går. Det vart kortare enn vanlig, og det kan vere like godt. Det er ikkje alltid like mykje å skrive om.
Etter ei brødskive og ein kaffikopp tok vi ein tur nedover og handla mat. Dessutan var eg på biblio og leverte bøkene og lånte i går. Eg spurde også etter eit par diktsamlingar i embets medfør, men dei hadde  ikkje bøkene. Eg må berre skryte av damene på biblioteket, dei er så kjekke og hjelpsomme. Eg er rettnok ein god kunde, men sidan tenestene er heilt gratis, tener dei ikkje så mykje på meg.
No har eg laga salat, og sett på steikomnen. I dag blir det ferdigpizza, eg synest eg fortener det.
Nils har tenkt seg ut og fiske i morgon. Skal vi til Kongsberg, må vi ha med oss fisk! Han skal fare i lag med Mathias denne gongen.Han varierer mellom to fiskekameratar. Nokså ulike typar, vil eg seie.
Eg begynte så vidt på den eine Lofotkrimboka i går. Artig å høyre sidan den vart lesen på "nordnorsk". Handlinga går for seg i Reine, og der har vi jo vore. Kjekt når ein har eit indre bilde av landskapet. Så får vi sjå om eg likar handlinga også.Krim kan vere greitt om der er noko interessant "attåt".

3 kommentarer:

Hildegard sa...

Ser ut til i bli fint vêr på Kongsberg i påska, håper de kjem dykk på tur!

Besta sa...

Ja, vi får sjå om dei frisknar til der nede. På tur skal vi i alle fall. Vi er inviterte inn til Margrete tysdag om vi er heime, eirik fyller 17 år!

John sa...

cai123 07.09
nike new arrives
nike kyrie 3
air jordan 6 GS
nike air yeezy 2
nike air more uptempo
air jordan 9
adidas harden shoes
kate spade outlet
adidas new arrives
nike kobe AD
cai123 07.09

Dagbok 2024: 20.mai

 Klokka er no 18.07, temperaturen ute er  + 19 grader, og sola skin. Det har ho gjort i heile dag, men på føremiddagen var det litt kjølig. ...