tirsdag, mars 18, 2014

Dagbok 2014: 18.mars.


Klokka er ca 16.30. Temperaturen ute er +5 grader C, og det har vore eit nydelig vêr i heile dag.Nils og kamerat Kjell for på sjøen for å fiske i 8-tida, og eg vart att heime. Når eg har huset for meg sjølv plar det gå ut over både tak og vegger, og i dag bestemte eg meg for å ta "glasskapet" på stova. Nokre glas brukar vi ofte, men andre blir mest  ståande og samle støv. I dag vart skapet tømt, og alt som trong ein vask fekk det. Hadde i grunnen tenkt å ta dei andre skapa i same slengen, men så vart det så fin sol ute at eg berre MÅTTE ut. Tok den vanlige runda, som vanligvis tek mindre enn ein time; i dag tok den to. Møtte mange kjende og vart ståande å prate med dei. Veldig koselig, det. Elles så hadde eg no lydbok med meg i tilfelle eg vart gåande åleine. Då eg kom heim, var Nils komen att, fiskefangsten var ikkje overveldande, men vi har så vi klarer oss. Nils hadde kokt kaffi, så småseimiddagen har vi til gode.Eg la meg på sofaen for å kvile beina litt, og heldt på å bli liggande.Gikk nesten i koma på grunn av varme. Her blir utrulig heitt inne når sola står på.Og dei kapittela eg las mens eg kvilte, trur eg må repeterast. Synest det er litt slitsomt å drage på det store kameraet når eg går tur, i tillegg til lydbok, mobil etc. , så det blir bilde frå altanen og trappa i dag også. Det øvste bildet er tatt rett mot sola, har lært eit lite triks av naboen.

2 kommentarer:

solveig sa...

Det trikset kan du gjerne formidle vidare!

Besta sa...

Veldig enkelt. Still deg slik at du har motivet klart. Vend linsa mot bakken e.l. Så: fort opp og knips.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...